søndag 31. oktober 2010

Veke 43

Ny veke - nye bilder! Denne veka er det føtene mine som har stått i sentrum! Må jo prøve meg på nye innfallsvinklaer, ikkje lett å oppdage nye motiv heile tida! Men føter er ein god ting - særleg når dei tar meg med på nye "eventyr"!
Måndag 25.oktober
 Måndags morgon er det tid
for trening hos fysioterapeut.
Joggeskoa får vere med.

Tysdag 26.oktober
 Pilatestrening kl 18.00
Nå er det matta som får bli med!

Onsdag 27.oktober
 Kl. 8.30: Tur på Selestranda - i regn og ruskever!

Torsdag 28.oktober
 Etter trening var det dei røde støvlane sin tur til å bli lufta!
Byvandring i Stavanger.

Fredag 29.oktober
 Haust i hagen.
Tid for avreise til Ognatun
og menighetsweekend.

Lørdag 30.oktober
 Tur på Ogna. Uvant å gå på asfalt.
Nicht gut!

Søndag 31.oktober
Tid for strandtur igjen.
Frå Sele til kommunegrensa til Sola!

Om eg føler meg sprek for tida?
Ja, litt! Eg er iallfall glad eg kan ut å gå litt!
Deilig med regn,vind og ruskever!
Og ein god kopp te, strikketøy og avis etter dusjen heime igjen!

søndag 24. oktober 2010

Veke 41.

 Så var me klare for vekas tilbakeblikk, og jammen kan me føya både små og store hendingar til denne veka og. Vinteren var på besøk denne veka, med den første snøen. Glatt for mange på sommardekk. Det er viss fleire årtier sidan det kom snø i oktober! Blir det ein like snørik vinter som i fjor,tru? Her er uansett glimt frå veka!

Måndag 18.oktober 
Terje har kjøp seg nytt verktøy!
Visstnok uunværleg til det nye badet.

 Tysdag 19.oktober
 Ein engel flytta inn til oss!
Fått av gode venner.
Hjerta skulle minna oss om dei mange
 gode minnene me har frå morfar.

Onsdag 20.oktober
Morgentur på stranda.
Sola var i ferd med å lyse opp skyene.

Torsdag 21.oktober
 Møte mellom sommar og vinter.
Den første snøen kom,
Blei liggandes ei lita stund, og forsvant.

Fredag 22.oktober
 Strikkejakken til Maren er ferdige!
Maren har teikna og designa, mora har strikka
= begge to fornøyd!

Lørdag 23.oktober
 Sommarens siste krampetrekning:
Desse har blomstra sidan me planta dei!
Eit funn!

Sundag 24.oktober
Eg fekk lokka  Terje med meg
på strandtur til Sele.
Nydelig sol og vind!

søndag 17. oktober 2010

Veke 40

Så var haustferien over, og me er nesten klare for ei ny arbeidveke. Om det var deilig med ferie? Tja! Alltid godt med eit avbrekk frå det daglige, men også denne ferien vart brukt til sofasliting! Eg fekk nemleg oppkast og diare ein god del av dagane. Ganske kjedelig! Men - me kom oss til hytta likevel, med bilane full av kjekke jenter, god mat, strikketøy - og arbeidslyst til gubben!Veret har iallefall vore nydelig. Og ingen plass er vel  finare enn Randøy i haustsol!

Måndag 11.oktober
 Maren og venninnene koste seg med "Ticket to ride"

Tysdag 12.oktober
 Nydelig ver - og ein utsikt som me er glad i!

Onsdag 13.okober
 Maren hadde seg ei skule-arbeids-økt på Hjelmeland bibiotek.
Mora var sjåfør.

Torsdag 14.oktober
 Hausten er komt til Randøy

Fredag 15.oktober
 Vel heime igjen.
Kveldsstemning på den nye
haustløparen eg har sydd!

Laurdag 16.oktober
 Eg har lånt eit bilde frå Terje:
 Han greide endeleg å fange ein lovleg hummar!
Den smakte nydeleg på vår 28'ende forlovelsesdag!

Sundag 17.oktober
Vind og blåst på stranda!
Ryggen verkar - eg treng å gå!
Nydelig med ein tur.

torsdag 14. oktober 2010

Tull og tøys!

Sist vekes innlegg vart visst bare tull og tøys! Slik vert det når dataen ikkje vil samarbeida. Ikkje klarte eg å rette det opp heller! Men bildene var jo artige, og eit-bilde-kvar-dag-oppdraget må jo oppretthaldast! Så ny veke - nye muligheter! Då håpar eg teknikken er på mi side!

søndag 10. oktober 2010

Veke 40 - nesten haustferie.

Ei veke er over, og den har vore spesiell, særleg når det gjaldt veret! Først var det ekstremver med mykje regn og flom over store deler av Rogaland, og på slutten av veka vart det ekstremt flott ver. Det kan skifta fort. Hausten kan vere både flott og ruskete!

Måndag 4.oktober
Ynden har flytta inn.
Den tåler visst ikkje frost og snø.
Skal bli spennandes å sjå om den vil trivast
inne i stova gjennom vinteren.

Tysdag 5.oktober
Nytt strikkeprosjekt.
Jakke til Maren i eigen design.

Onsdag 6.oktober
Ekstremt mye regn og ruskever.
Men eg var på morgonturen min
på stranda, vart god og blaut!

Torsdag 7.oktober Hagedugnad hos mormor.
Jammen var me heldige med valg av dag!
Dagen derpå!

Fredag 8.oktober

På hyttetur i lag med gode venner til
Nedre Kvinlaug.

Laurdag 9.oktober
Flaggheising.


Bevergnag

Sundag 10.oktober Sundag vakna me til frost!
Ein nydelig verden full av "diamantar"
strødd over landskapet.

søndag 3. oktober 2010

Ny veke - nummer 39!

Veka er igjen over - og nye bilder kan leggast til mappa med blinkskudd! Ulike aktivitetar har det vore denne gong og, og eit lite tilbakeblikk viser litt av det me held på med for tida. I tillegg har me her i huset:
¤ Begynt å rive ner badet på loftet - for å pusse det opp igjen etterpå.
¤ Vore på foreldremøte på den nye Vågen vidaregåandes skulen. Nytt og flott!
¤ Hatt ein koseleg foreningskveld med misjons-venninnene.
¤ Hatt besøk av den nygifta - som har gått lang fjelltur med faren i stiv kuling og regn, gjennom Ritlandskrateret på Hjelmeland, til Melands Grønahei. Spreke folk!
¤ Gått tur på stranda i pøsregn og sterk vind.
¤ Ellers finn eg ofta tid til litt strikketøy og kaffikos! Gode pausar i kvardagstravelheita!

Måndag 27.september

Fiskemiddagen i dag vart
nysteikt aure frå Kvinlog.
Resulatet av jakt- og fisketuren til Terje.

Tysdag 28.september

Terje gjekk "berserk" på badet!
Det skal bli nytt og fint!

Onsdag 29.septemberEg stod i kø tidleg om morgonen
for å benytta meg av gode tilbud,
samman med mange av våre nye landsmenn.
Dei kjøpte store flatskjermar,
eg nøyde meg med ein "småskjerm"
+ ny kaffitraktar! Kom og smak!

Torsdag 30.septemberEg fekk vere ilag med dei kreative damene
og lage sokkautstilling av
temasokkane våre!
To av para mine blei selde! Artig!

Fredag 1.oktober

Fiskane til Guro har flytta inn i nytt hus!
Gode flotte forhold her.
Lørdag 2.oktober
Jakken som eg har stikka til
Matilde er ferdig!
Hurra!

Søndag 3.oktober
Koselig sy-verksted på spisebordet .
Eg har begynt på ein ny løpar, Maren sydde
etui til den nye Mac'en sin!