lørdag 28. desember 2013

Nyttårsfortsett for 2014.

Då eg var liten, var det viktig å finne på nyttårsforsett. det var jo alltid noko eg kunne bli flinkare til i det nye året. Men me hadde jammen ikkje komme langt uti januar før alle fortsetta var forsvunne i vinden. I fleire år har eg hatt planar om å minke garnlageret mitt. Men lite har skjedd. Det er altfor lett å planlegge og handle inn til nye prosjekter. Men  - i år gjelder det.
I året 2014 skal eg ikkje kjøpe inn noko garn.
Ska tru om fortsettet  forduftar i januar denne gong og? Eg håpar ikkje det, eg er nemleg "gira" på å ta utfordringen og stålsette meg sjølv. Det føles jo ganske godt når ein greier slike ting som ein har sett seg føre. Og - det blir ikkje strikketørke på ei stund! Eg har ikkje vegd garnet, men jammen er det mange posar og korger. Eg kan få mykje fint ut av dei.
Men kanskje eg må ha eit unntak: dersom eg er på ein utanlandstur, og finn noko nydeleg garn som dei ikkje sel heime: då kan eg kjøpe litt!

Så får me sjå korleis dette går - neste års kavalkade kan bli interessant!
Regnbueteppe nr 2 er såvidt påbegynt.
Det må bli ferdig i 2014

2 sortar Kauni.
Litt usikker på kva det skal bli.

Bomullsgarn.
Har tenkt å strikke ein del gryteklutar.

Romjulsstrikk.
Englesang over kjøkkenbenken.
Kan bli til fine presangar.

Julepresang frå Guro-jenta mi.
Kanskje eg og vågar meg på slike?

Tynnt ullgarn

Sokkegarn.
Men egentleg syns eg det er uendelig kjedelig å strikke sokkar.....
Alpakka-restar.
Kan faktisk bli ein fin stripejakke.

Tynn bommulstråd.
Vaskefiller, vaskeklutar........
Det er bare å sette i gang.

Og så var det dunkane under benken.
Fulle av garnposar frå Sandnes garn.
Av og til bur me altfor nær ein garnfabrikk.....

Denne posen har eg fått!

Men - planar er til for å endrast! Mykje kan skje på eit år.
 Plutseleg kjem jentene heim og treng nokre nøster......

PS. Klesskapet mitt er også fullt. Eit år utan nyinnkjøp er planen der og!

Godt nytt år til alle lesara- både nye og gamle!

Årets strikkekavalkade - 2013

Så er det tid for kavalkade igjen. Det er stadig kavalkadar om dagen, på TV, i aviser, om veret, nyheter, beste klipp av ulike serier..... Så då passar det med ein oppsummering om strikkeåret 2013 og. Eg brukar  nesten alle kriteriene frå i fjor, kan vere artig å samanlikne.

Årets beste gåve:
I allefall den største!
Teppe til Veslejenta som drog ut i den store verden
(Folkehøgskulen)
Kva strikka eg mest av:
Det er vel kanskje oppvaskklutar i år og. Strikkar dei innimellom.

Strikketøyet som gav mest glede, eller oppmerksomhet:
Det må vere lyktestolpen.
Mange kommentarar,
og folk som har til og med vore innom for å ta bilde av den.
Og eg fekk ei heil side i  avisa.
 Årets herreplagg:
Jakke til Gubben.
Den har vore mykje i bruk dette året.

 Årets kjedeligaste strikk:
Ikkje alltid like inspirerande å strikke kopi nr.2.
I tillegg rekkte eg den opp når bolen var nesten ferdig
.
Årets designer:
Det må vere danske Anette Danielsen.
Ho lagar flotte strikkebøker!

Beste dameplagg:
Sommarens favoritt - uten tvil.

Årets tregaste strikketøy:
Desse tok det nesten 2 år på å få ferdige!
Utruleg tregt for sånne nydelige vottar.

Årets beste leiketøy:

Det blei ikkje strikka noko leiketøy dette året!


Årets gladaste sokkepar:
Julesokkar.

Årets beste sjal:
Dette har eg strikka 3 stk av.
Årets beste hals:

Denne har eg og strikka 3 stk av.
Alle gode ting er 3!


Årets mest ufornuftige strikketøy:
Uten tvil lyktestolpen!

Årets søtaste strikketøy:

 Ingen søte strikk i år.....

Årets finaste modell:
Det har visst vore eit egoistisk år.
Eg har strikka mest til meg sjølv!

Årets minst brukte plagg:

 
Tunika -
strikka i  Alpakka, Sandnes Garn.
Eg blei ikkje ferdig mens der var kaldt,
og så har hausten vore mild og god.
Kanskje den blir god nå i vinter?


fredag 27. desember 2013

5-års jubileum

Eit lite tilbakeblikk på bloggen viser at eg har vore bloggar lenge. Det er akkurat 5 år sidan eg posta den første innlegget. 5 kjekke og innhaldsrike år, med 350 innlegg og over 51500 visningar. Det er ganske flott, syns eg. Eg har alltid likt å skrive og styre med bilder. Tidlegare var det albumar som var den store greia. Me har fleire hyller ståandes med over 50 albumar. Det meste av viktige hendingar vart dokumentert der. Men då var det kun til bruk i heimen. Nye digitale tider har gitt nye muligheter. Det er kjekt å lesa andre sine bloggar, og finne inpirasjon, gode ideear og artige historiar der.  Og så håpar eg at andre finn inspirasjon, gode idear og artige historiar hos meg. Eg sett pris på alle som gidder å besøka bloggen min. Og ekstra kjekt er det når nokon legg igjen kommentara.

Bloggarkivet viser at året 2011 var toppåret. Då hadde eg 106 innlegg. Det er 2 innlegg i veka. I år vart det bare 1 i veka, sånn cirka. Hadde visst ikkje så mykje å skrive om dette året. Eller så var eg litt lat. Eller opptatt med andre ting. Nå står eit nytt år på trappene, me får sjå etterkvart kva innhold det får og kor mange innlegg det resulterer i. Uansett så er strikkekorga stadig full av nye prosjekter, og då kan det jo bli mange fine innlegg på bloggen og.

Sommarminne.
Nøkkelen til det gode liv?

Jula 2013

Julehelga er over, me er komne til romjula. Herlige dagar, med god tid til familie og venner. I år var alle tre jentene våre heime på julaftan, og det er koseleg. I fjor var me litt få rundt bordet julekvelden, mens i år var det kjekt å dekke på til fleire. Pinnekjøttet smakte godt, likeså riskremen.Og alle var fornøgde med det dei fann inni pakkane, det gjekk mykje i turting og utstyr til friluftsliv. Og ekstra kjekt er det når dei tre jentene mine benkar seg i sofaen og drar opp strikketøyet. Dei er veldig ivrige alle tre. Det gledar strikkemora.
Fortsatt god romjul. Nå kan dagane nyttast til å gjere ferdig uferdige prosjekt.

Sånn blei treet i år.
Det drysste allereie då me pynta det.

Gjennganger.
Denne har me hatt lenge.
Kjøpt som eit byggesett frå Panduro
og limt saman sjølv.



Posering framfor juletreet.
Slik me har gjort det frå jentene var små.


Tre flotte jenter.

Alle var heldigvis blide og hadde smilet klart!

Viktig å finne alle pakkane under treet.

2.juledagsselskap.
Strikket er på plass.


søndag 8. desember 2013

Juleførebuingar.

Det er snart jul, og då har me jo mange ting me bruker å stelle til. Baking, pakkar, julekort..... Men ofta blir det litt mykje av alt, særleg kaker. Eg har ei julebok der eg noterer ned kva som skal huskast til neste år. Der står det ofta "for mykje kaker".  I år har eg tatt julebaksten i lag med Siri "Syklist". Halve arbeidet, dobla kakedeigar, fulle kakeboksar for oss begge - og mykje koseligare. Så får me sjå, om det er akkurat passe mengde,  eller nok til arbeidskollegane til Gubben på nyåret. I tilleg har me holdt vedlike tradisjonen om lefsebaking før jul. I år vart den for 3 generasjonar, sidan Eldstejenta var med i staden for tanta!
Tidlegare var eg og flink å lage mange julegåver, men det har visst minka med åra. Nå gjer me ikkje presangar til alle tantebarna lenger, for dei er blitt vaksne. Det var ofta dei som fekk noko heimelaga. Men jul skal det bli, med julepynten som er samla opp gjennom åra, både englar og litt nissar, men og med god tid for gode samvær og god mat. Men ennå har me advent her i huset. Eg gler meg, for alle jentene våre kjem heim til oss på julekvelden.

Storproduksjon.
Heldigvis skulle me dele!

Bordstabels.
Fine å stable - sjølv om ikkje alle var like fine og beine.



Ute blei det fin vinter.
Men dessverre har det allereie regna vekk.

Lefse-sjefen står for steikinga.

Kjekt å gjere noko ilag ,
gammal og ung.

Me fekk det til år og

Prøvesmaking må til.
Mor hadde plukka inn siste rosa frå hagen denne veka!
Litt utruleg.

Litt julestemning på ytterdøra.
Laga av Marit på Voll juletregard.