søndag 18. november 2012

Garn-shopping og gode ord om strikking.

Utruleg lett å fylle opp dei ledige plassene i  korgene på Kammerset med nye, fine nøster. Og rundt oss i distriktet har me mange fine garnbutikkar - og garnfabrikk! Alltid fristandes å vere innom der. I fjor tova eg uheldigvis  den gode varme tunikaen min i Alpakka -så den er ikkje brukandes lenger. Så nå har eg kjøpt inn nye nøster i ein flott blåfarge - til ein ny tunika. Den kjem litt langt bak i køen av prosjekter ennå, nå går det i julekrubbe-strikking. Håpar å bli ferdig sånn at den kan brukast i år. Ser at det kan gå. Og litt Kauni-garn kom i posten her ein dag! Spennandes. Me får sjå kva det blir. Hadde så lyst å prøva det garnet.

Av og til kjem eg over bøker som handlar om strikking. I haust fann eg ei - ein roman der hovedpersonane var entuiastiske strikkara. Koseleg amerikansk bok, "Tilbake til Blossom Street" av Debbie Macomber. Kan anbefalast om ein liker å lese noko koseleg og avslappandes:-) Innimellom fann eg gode visdomsord om strikking, og det likar eg godt! Då får hobbyen min ein litt annan dimensjon, det høyres så vedig lurt ut det eg held på med, og det gjer godt. Høyr bare:

"Det å strikke må være verdens beste hobby! Kreativt, terapeutisk, stressdempende, avslappendes og tilfredsstillende.Du får uttrykk for din kreativitet samtidig som du slapper av. Sett av tid til å strikke litt hver dag!"

"Alle som strikker skaper et naturlig nettverk.De får nye venner på jobb,i fritiden eller på Internett, på grunn av sin felles lidenskap for strikking!"

"Det å strikke er en form for meditasjon, hendene arbeider mens hjernen hviler ogsjelen får frie tøyler."


Tunika av Anette Danielsen - min skal bli knall blå!

Koseleg bok!

søndag 11. november 2012

Fire fjånge filler!

Nye filler til kjøkkenet! Eg har allereie tatt dei i bruk. Dei fleste oppvaskfillene eg strikkar havnar i haugen med gåvefiller. Men desse fire måtte eg bare ha sjølv! Flotte  fargerike filler.

Flotte fargar!
Men etter 1.omgang i vaskemaskinen fann eg denne igjen sånn.... kjedelig.
Kan det vere ein skarp kniv me har vore borti med, tru?
Nål og tråd må fram.

Eg måtte bare begynna på denne.....

Ein dag tok eg turen innom Narvesen-kiosken. Av og til hender det at dei har nokre spennandes håndarbeidsblad. Denne gongen fann eg ei lita bok med ei strikka julekrybbe. Eg måtte bare kjøpe den - og eg måtte bare begynna på eit nytt prosjekt. Restegarnet er spredd utover kammersgolvet, eg må kunne plukke ut akkurat den rette fargen som eg treng. Maria og Josef er ferdige, Jesusbarnet manglar bare fjes, og engelen er undervegs.. Men kva skal julekrybba brukast til? Eg pleier å ha ei julekrybbe for skuleungane mine. Det eg har brukt i mange år nå er eit stort bilde der eg "limer" (med borrelås) på diverse englar og sauer og palmer og folk - ispinnefigurar. 1 for kvar dag.  Men det er slitt, og begynner å gå i oppløysing. Det trengs utskiftning. Så nå er eg i gang - ikkje sikkert eg kan ta det i bruk i år, men plutseleg er det jul 2013! Då er eg nok ferdig:-)


Koselig bok!

Maria - litt stiv i armane ennå,
kanskje eg må ty til piperensara inni.

Ein liten familie

Engelen - nærmar seg klar.

mandag 5. november 2012

Domino

Det måtte bare bli litt om DOMINO denne gongen. Det er ein teknikk eg har blitt veldig glad i. 1 remse er nesten ferdig, på fjellteppe mitt "Nuten". Men eg har det litt travelt med andre ting og, nemleg strukturteppe til minstejenta. + noko som kjem i neste innlegg! Men tilbake til domino - misjonsforeningsdamene var samla her ein kveld! Det er alltid utruleg kjekt og inspirerandes. Og jammen drar dei opp teppene sine i ulikt fargespel. Fantastiske tepper. Det er ein fryd. Og fleire av dei seier: På neste teppe skal eg strikke ..... Andre enn meg er altså hekta! Kjekt . Eg tar med nokre bilder av  dei teppene eg allereie har strikt, etter oppfordringen i forrige innlegg.Det blei jammen ein del - og fleire kan det bli:-)

Det første teppe eg strikka. Det bur på loftstova.
Teppe nr. 2 - varmar på hytta.
 
Regnbueteppe - var teppe nr.3
Bur i stova
5.teppe - Stranda - bur og i stova.
Gladgul - bur på Tjelta hos eldstejenta.

Hyttesengeteppe - med ekstra store ruter og i tjukt garn

1.nepalteppe

Nepalteppe nr.2

Nepal 3
Nepal 4
 



Siste påbegynte teppe - Nuten - Varmar ikkje så mykje ennå.
Restar etter Regnbueteppe -
blir nok til eit teppe det og ein gong!