torsdag 29. august 2013

Ei ny tid!

Etter nesten ein måned utan blogginnlegg er det jammen på tide å finne fram pc-en og komme igang. Utruleg så fort slike seinsommarveker kan gå, utan at ein får gjort det ein vanlegvis gjer.

Me er komne til eit "vegkryss" denne hausten. Det er nesten som ei ny tid. Nå er det bare oss to halvgamle som har fast adresse her i huset: minstejenta har og flytta ut. Det blei litt tomt og stille i heimen..... Sist helg hadde me ein fantastisk flott kjøretur nordover Vestlandet  til Nordfjord Folkehøgskule. Eit nydeleg ver, i nydeleg natur - gjorde turen til ein flott opplevelse. Fullpakka bil, med turutstyr, dyne, støvlar, strikketøy, kassar og boksar - det er mykje som skal vere med når ein skal vere vekke i nesten eit år. Skulen låg flott til, omkransa av fjell og fjord, og året skal brukast til å vere mykje på tur. Heimturen gjekk litt lenger inne i landet, over fjell og fjordar, og like ned til hytta vår på Randøy. Her fekk me plukka med oss 34 kg med plommer før me reiste igjen. Og så fann me ei heil korg med kantareller på den  hemmelege plassen vår!

Ein slik kjøretur kan brukast til så mangt, men ein pose garn er alltid god å ha i slike tilfeller. Eg starta på endå eit teppe, klarte ikkje la vere. Restegarnet frå forrige regnbueteppe låg klart til å bli tatt i bruk. Innimellom er det veldig godt å omgje seg med gode, sterke fargar - det gjer godt humør og inspirasjon.  Ellers går det framover med "Lun genser" frå Pickles, nå er det bare armane som gjenstår. Blir nok ferdig til kulden kjem. 

Her pakkast det!


Mora fekk plass i baksetet ein del av turen!
Det var fint.
Heimover fekk eg sitte framme!

Skulen låg fint til, med utsikt til fjell og fjord.
Litt annerledes enn heime.

Heivegen tok me over fjella,
og var innom stavkjerka i Vik i Sogn.
Flott byggverk.

Nytt byggverk, den nye store Hardangerfjordbrua!
Rask og flott måte å krysse fjorden på.

Smal og svingete veg langs Sørfjorden
- sjølvsagt bak nokre bobilar!

Bilstrikking - i flotte fargar!
Ganske herlig å ta fatt på restegarn!

Plommehausten på hytta var stor i år - ny rekord!
34 kg blåe plommer.

Blir enorme mengdar syltetøy av dette.
Har heldigvis klart å gje vekk nokre posar!

Godt eg har ein sterk mann!
Det var tungt å bære!
Og så ei flott korg med kantarell!


Det blei kveld før me var heime.

Litt strikk:
Min "lune genser"


Regnbuestripene går på skrå denne gongen.
Håpar dei viser litt betre etterkvart,
slik at det ikkje bare ser rotete ut.

To tepper i produksjon:
Sånn går det med "Nuten"

mandag 5. august 2013

Feriestrikk.

Eg har avslutta ein del strikketøy i ferien - og det er kjekt. Festa trådar, sy saman, prøve på - herlig. Og kunne gje vekk til ein glad mottakar! Og så finna fram nye nøster som ligg og ventar på tur - for å bli til noko spennandes.
Ferdig!
Blir god og varm til vinteren.
Strikka i Hverdagsalpakka,
ein blanding av ull og alpakka.



Nye sokkar til minstejenta.
Skal snart innta fjellskoa!

Gryteklutar som vart
bursdagspresang til eldstesystera mi!
 
Nytt garn - og ledige pinnar.
Skal bli ein ny flettejakke.
Garnet kjøpte eg for gåvekort til burdagen!


Nytt strikketøy:
Lun genser i Alpakka frå Picles.
Strikka frå halsen og ned.

Hytteferie 2013.

Ein ferie er på hell - me er inne i den siste ferieveka mi. Gubben er allerede i gang med jobbing, mens eg prøver å nyte dei siste feriedagane for denne gong. Det har vore ein flott ferie, med mykje kjekt innhald. Dei to siste vekene har me vore på hytta og nytt gode late dagar. Første veka var veldig god og varm  - med eit utruleg sommarver kvar dag. Nydeleg å vakne til ein ny dag og tusle ut i sola barføtt og ete frukost ute - med ein ekstra kaffikopp og eit strikketøy. Og bade omtrent kvar dag - og symje ut til  flåten for å soltørke seg der. Og finne fram årene og gli stille ut på sjøen med den gamle trebåten - og ro dagens rotur. Og kunne ete alle måltid ute, og kunne bruke tid på gjere ferdig ein del av strikkeprosjekta i fred og ro. Herlig ferietid! Besøk i kustgalleri, fjelltur til Gullingen, krabbefangst, makrellfiske,sykkeltur på ei ny Ryfylkeøy, lesestoff..... mange gode ting.  Litt besøk har me og hatt - og det er ekstra koseleg. Men ellers kosar eg og Gubben oss godt i lag. Ein god ferie for kropp og sinn.

"Malena" låg fint på svai.

Gamle kunster frå i fjor var ikkje gløymte!
Kjekt å vere kaptein!

Ungdommane våre!
Kjekke å vere i lag med.

Herlig badeliv.


Rotur ein stille morgon
- det var ganske magisk.

"Malena" i lag med store båtar!

Minstejenta var modig og hoppa i sjøen frå ein fjellskrent -
saman med ein belgisk turist!


Me blei i grunnen gode på synkroniseringa etterkvart!

Gøy på landet:
Ikkje lett å kjøre når vegen var full av kveg!


Rensing  av aure.

Dei unge fann masse markjordbær.

Topptur på ein litt disig dag.

Nye ungdommar på besøk.
På Randåsen - for første gong på lenge
.

Hageroser

Vaffelkos i hagen

Godt med pinnebrød.

Eit ferskvannsbad.

På sykkeltur til Fogn
- med tid for bringebærpausar.

Flott sykkel
- utforbi ei koseleg hytte på Fogn.

Denne flytta inn på hytta,
etter eit besøk på kunstgalleri.

To gode fiske-kompisar!

Storfangst -
damene fekk mest -
nesten fulle bøtter!

Frukost i det fri.

Instagram.

Eg har komme meg på Instagram. Eit nytt sosialt media er tatt i bruk. Ganske artig å dele bilder med andre. Og koseleg å sjå kva andre driv med, både på handarbeidsfronten, og andre ting ein kan bli inspirert av. Og om  nokon har lyst på ein titt, så er brukarnamnet mitt toneaskaar.

Klar for hytteferie!