søndag 22. mai 2016

Lapp på lapp ... og enda ein lapp.

Dominoteppet er snart ferdig. 
Det går framover - eg har strikka mykje på det i det siste. 
Sjølve teppet er ferdig - eg har strikka den siste lappen. 
Men så er det kanten då. 
Eg likar ganske godt å lage litt mindre kantlappar - i to fargar - rundt heile teppet. 
Eg starta med dei røde fargane, så oransje, 
nå held eg på med dei gule.
Etterpå kjem grønt, blått og lilla. 
Og då er eg ferdig. 
Og det nok på tide. 
Det nærmar seg 3 år sidan eg starta. 
Det blei jammen eit langtidsprosjekt...... 

 
Ferdig!

Alle restenøsten ligg fint dandert rundt kanten.

Den gråe fargen skal vere grunnfargen i kanten rundt.


Mye restar ennå.
Nå kan det bli vottar av mange fine nyansar.



Frå oransje/grått og over til gult/grått.
Blir det fleire dominotepper tru? 

Eg har sett eit bilde av eit eit nydeleg stripete..... kanskje ein gong.
Dette var ein spennandes versjon......
Kanskje ein gong...