søndag 1. mai 2016

Kom mai du skjønne milde.

Ja, i år ventar me ennå på det milde veret. Stadig blir me overraska av sluddbyger, og det er me rett og slett ikkje vant med her, så seint på året. Men kanskje mai kan bli den gode, milde måneden der me kan sitte ute og nyte solstrålene, eller springe ein tur langs havet eller opp på ein topp i nærleiken? Forventningane er iallefall til stades.

Imens må me ta til takke med strikketøyet, og nå når me rundar mai er det komt mykje nytt oppi strikkekorga. Eg har vore sjuk nokre dagar, og vore skikkelig sofaslitar. Då er det iallefall godt eg likar å strikke. Hadde vore lange dagar uten det..... Men nå er halsen mykje betre, i morgon ventar spente 6- og 7-åringar som skal ha stor Bokstavfest for alle foreldrene. Me gler oss til det. Me har øvd i fleire veker nå!

Over til strikkekorga:
Nye prosjekt er påbegynte, og denne gongen har eg lånt øyra til resten av familien. Er det nokon andre enn meg som treng noko strikt?  Og det var det jammen. Eg fekk ei lang liste. Tordis treng ny ullbukse og jakke til barnehagestarten til hausten, + litt luer, skjerf og hals, sokkar...... Alltid noko ei lita tulle som veks trenger! Då er ikkje mormor sein å be.

Men. 
Det var bare det sjølvpålagte kjøpestoppet.
Eg greide ikkje finne godt og mjukt garn som passa til dette inne på Kammerset.
Så då vart det melding til niese Bjørg i Oslo : 
Kan me halde Tordis utanfor?

Og etter positivt svar frå storbyen, var eg raskt på strikkebutikken til Sandnes Garn og fann nydelig merinoull. Nå skal Tordis bli god og varm.

Lua er snart ferdig, treng bare ein rosettpynt.
Skjerf er strikka, og buksa er godt i gang.




Men Gubben meldte seg og på strikkelista. I fjor strikka eg styrbord/barbord-sokkar til han. Dei vart veldig populære. Eg trur han hadde dei på alltid! Men plutseleg hang han seg nok opp i noko, og eit stort hol var eit faktum. "Ja , eg skal fikse det!" har eg svart mange gonger. Men eg inrømmer det lett: det er kjekkare å strikke nytt enn å reparere. Så nå endeleg er eg i gang med nytt par. Denne gong er stripene blåe og kvite, restar frå jakken han fekk i fjor. Han må jo ha nye sokkar til Sørlandsseilasen som me skal ut på i sommar. Kanskje eg gidd å strikke ein ny hæl på dei gamle og, så kan han ha dei til "grovbruk".




 Og så har eg begynt på ein ny villmarksgenser til han. Eg har kjøpt skikkeleg eksklusivt garn til han, håndspunne av Ingeborg på ullrommet som held til her i distriktet. Skikkelig flott garn frå grå trøndersau. Flotte brune og gråe sjateringar. Det blir nydelig - og godt og varmt.


Og aller sist : endå eit sokkepar. Pinneguri som eg følger på Instagram har ein pågåandes #restefest2016 dette året. Eg hiv meg på innimellom, og dette var oppskrifta for april. Jøglersokkar. Men som du ser - eg vart ikkje ferdig denne måneden. Men plutselig er dei nok ferdige. Flott mønster iallefall.


Restefesten 2016 og kjøpestoppen fungere ennå, om me bare ser vekk frå litt mormorstrikk innimellom. Målet må jo vere at eg greier å redusere meir enn det som kjem inn, og eg er godt i gang. Foreløpig har eg strikka opp neste 5 kg garn som utgjer 9 km tråd.  Godt fornøgd med det. Eg har ennå mykje fint garn som ligg og modnar seg på Kasmmerset!

2 kommentarer:

  1. Du strikker fra Klompelompe, ser jeg. Mye fint i den boka. Jeg har strikka flere Tora-pannebånd. Artig å prøve flere garnsorter. Hullete sokker er nesten en kjærlighetserklæring, det. Artig at det vi strikker blir brukt! Jeg har nesten ikke kjøpt garn dette året, og lageret har minka. Men i går fikk jeg ganske mange nøster helt gratis og uten at jeg hadde fortjent det. Har allerede planer.... Merkelig at andres restegarn er så mye mer spennende enn mitt eget.
    Uansett: Garn er en kilde til glede og forventning om gode stunder.

    Fortsatt fin 1. mai!

    Klem

    SvarSlett
  2. Tusen takk for koselig kommentar. Ja det er fra Klompelompe. Glømte å skrive det. Ellers flotte og sanne ord fra deg😀

    SvarSlett