tirsdag 30. desember 2014

Nyttårs-fortsett

Tradisjonen tro - eit lite nyttårsfortsett er ikkje å forakte! I fjor var det kjøpestopp av garn som var målet. Eg har allereie nemnt litt om det tidligare, men det har gått utruleg bra! Nokre nye nøster har fått blitt med heim, men eg har strikkka opp mykje meir enn eg har kjøpt. Og dei korgene eg har brukt mest av, har vore der med typisk restegarn. Halve nøster, småe nøster, ein liten rest, for gode til å hive. Eg har strikka både badehåndkle og teppe, og fått brukt opp masse. Eg sparte 10 kr pr oppbrukt nøste i Norges-glaset mitt, og jammen har det passert  tre tusen oppi glaset. Det er eg veldig godt fornøyd med. Kammerset er på ingen måte tomt, her er mykje å ta av ennå. Det føles godt å ta fatt i noko av det som har ligge lenge. Nesten som litt god samvittigheit!

I 2015 skal eg heller ikkje kjøpe nytt garn. 
Neste kavalkade skal vise tomme korger!

Unntak: 
Dersom det skulle bli nødvendig å strikke noko til eit nytt familiemedlem, 
då vert det ikkje av restegarn. 

Korleis gjekk det i klesskapet då?
Ikkje bra. Eg har sjeldan kjøpt så mykje nye kler som dette året. Grunn:  ingenting var passeleg lenger. Alt vart for stort. Gledeleg det, men litt kjedeleg med fine kjolar som eg likte godt! 
(Men egentleg er det jo kjekt å kjøpe noko nytt!).
Kanskje nyttårs-fortsette kan få nytt liv dette året?

Me vil gjerne ha meir av dette!

Det siste fortsette for det nye året, er eit som Gubben og eg skal ha i lag. Det er Friluftslivets år i 2015, og det likar me jo godt. 1 tur i veka, det bør me greie.
Då skal me  på 52 turar dette året!
Og dei bør vere litt lenger enn gatelangs i nabolaget. Dersom stranda som eg er så glad i, vert turmål, kan me jo gå litt lenger. Det kan vere ulike turar, noko som krev litt ekstra aktivitet:
 gåtur, fjelltur, sykkeltur, rotur....
Men bilturar og handleturar kan ikkje reknast med...
Me har eit sommarmål om nokre fjelltoppar, det er best me held formen ved like slik at det vert ein god opplevelse.

På toppen!

Tilslutt: 
Eit godt nytt år ønsker eg til dokker alle som er innom bloggen min! Eg føler meg ganske ydmyk over at nokon gidd å lese skribleria mine:-)

søndag 28. desember 2014

Romjulsfri.

Det er romjul - rolege dagar med god tid. Det er godt med litt god tid etter litt travle juledagar. Julemiddag, julegjester, matlaging.....   I år var me litt få rundt bordet på julekvelden. Dei to eldste jentene var hos svigerfamiliane sine. Men dei to gamle mødrene var her. Og det var koseleg. Flott julegudsteneste, god mat og fine pakkar - gode ingrediensar for ei vellykka julefeiring. Og koselege juleselskap dei neste  dagane. Det er kjekt å vere i lag med familien, både vår eigen og tanter, onklar og syskenbarn. Og innimellom får me heldigvis tid til å trekke fram strikketøyet, både eg og jentene - og tantebarna! Veldig koseleg.
Dei flotte ungane våre - og svigerbarn
Må alltid tøysa litt
Aldri for store til det.
Strikkepause på julekvelden.

Veslejenta strikkar nydelige selbuvottar.
Heldige ho som fekk dei til jul.
Gubben var fornøyd med å endeleg få nye skinnhanskar!

Me fekk jammen litt julesnø
- og snø og blomster på ein gong
.

1.juledag - og alle 3 jentene heime.
Reisejenta  Guro og Sebastian.

Eldstejenta Matilde og Aleksander

Stas når alle kusinene  drar opp strikketøyet i juleselskapet.
Gjett om det har lukta svibel hos oss denne jula?
Alle dei 18 sviblane blomstra samtidig.

mandag 22. desember 2014

Årskavalkade 2014

Det har blitt ein tradisjon dette - å ha ein oppsummering av strikkeåret. Ikkje like lett å oppfylle alle kategoriane frå i fjor, for alle år er jammen ikkje like. Kanskje det har blitt nokre nye grupper. Men strikking har det blitt, mykje frå garnlageret mitt, og det er eg veldig godt fornøyd med. Eg har jo kjøpt garnet for eg syns det var fint ein gong, og då er det kjekt å få brukt det til noko fornuftig. Om lageret er tomt? Ikkje heilt, eg har ganske mykje igjen ennå.... Og så har det sneket seg inn nokre nøster i løpet av året, særleg nå på slutten. Men kanskje eg greier eit år til utan innkjøp? Planen er iallefall å prøve.


Kva strikka eg mest av i 2014?
Desse vart det 8 par av, trur eg.
Nokre vart julegåver.


Årets beste gåve:
Denne fekk Veslejenta i vinter.
Ho ligg mykje ute i telt,
og trengte noko godt og varmt om natta.

Årets mest ufornuftige strikketøy:
I år strikka eg badehåndkle.
Ikkje akkurat veldig fornuftig,
men artig.
Og så fekk eg brukt opp utruleg mange
smånøster som ikkje var til noko anna nytte.

Årets herreplagg:
Terjegenseren -
til ein blid Terje.
Denne vart påbegynt i 2013,
men ferdig i 2014.
Årets kjedeligaste strikketøy:
Kjekk restefest - men sidan eg strikka den i 2 utgåver,
vart det litt kjedeleg i lengden.
Særleg å feste trådane.
 Årets designer:
Eg har "blitt kjent med" ein designer i år!
Linda Marveng - flott og inspirerandes å vere på kurs med ho!







Beste dameplagg:

Her vart det mange......
Desse var til meg i løpet av 2014!
Eit egoistisk år, med andre ord.

Den øverste er den minste stripejakken -
den kjem kanskje for salg på nyåret.

Men 7 nye yndlingsplagg.....
ikkje verst!

 Årets tregaste strikketøy:
Dette garnet kjøpte eg på Kreta i 2012.
Endeleg vart det til gode tjukke gryteklutar.

 Beste sjal i 2014:
Ingen sjal i år.....
Men skuffa er full, treng visst ikkje fleire.

 Årets beste leiketøy:
Ingen leiketøy heller.....


 Beste hals:
Heller ingen hals ......
Men på Kammerset ligg garn til ein.
Kanskje neste år?

 Årets gladaste sokkepar:
Det må bare bli sauesokkane,
sjølv om dei var grå!

Årets minste herreplagg:
Gubben var visst uheldig i tildelinga av
strikkeprosjekter.
Dette var det andre  og siste plagget han fekk!


Årets minst brukte plagg:
Nisselue.
Eg har vel ikkje så enormt brukt for denne,
men kjekt kvar gong me har nissefest på skulen.
I år har den har vore brukt 2 gonger.


Beste - ellert mest brukte - modell:
Bildene avslører at det er bare to som har fast
adresse i Konglevegen for tida.
Ikkje mange modellar å velge i då.
Og sidan Gubben bare fekk to plagg,
vart eg den mest brukte modellen.

Årets største utfordring:
Lite plagg,
men litt utfordrandes likevel.
Biser var eit nytt strikkefenomen.

Årets gjenganger:
Denne har eg fiksa på 3 gonger!
Årets største strikketøy:
Fjellteppet "Nuten"
Dette var nok det største prosjektet dette året.
Men også dette prosjektet starta lenge før,
nemleg i 2012!
Skikkeleg langtidsprosjekt!

Årets mest "gyngandes" prosjekt:
eller 
Årets "sjøprosjekt":
Gubben bestilte nye tova sitteputer til
gamlebåten Malena.

Det blei godt og varmt
på "bøljan blå!"


Årets beste resteprosjekt:
Det må vere pleddet i restegarn!
I "Tonefargar".
Eg er veldig glad i blåe-lilla-og-grønne fargar.


Årets nykommer:
Klutar frå Bitta Mikkelsborg.
Kjekke å ha til presangar.

Årets søtaste strikketøy:
Rosa oppvaskfille
er det som er nærmast
betegnelsen "søt"
(Rar farge på bilde)

Årets høgaste strikkeprosjekt:

Må vere strikketøyet som fekk vere med på
Galdhøpiggen.

2469 m over havet!
Høgt nok det.


 Strikketøyet som gav mest glede, eller oppmerksomhet:

Dei fleste strikketøya har gitt glede, både undervegs og i bruk.
Så ingen spesielle prosjekt er plukka ut her.


Jul

Det er jul! Juleferien er starta, Veslejenta er komt heim, pakkane er klare, kakene er bakte, pinnekjøt og laks er klare til julemiddagar, fryseren er full av lefser, huset er julepynta..... og strikkeprosjekta er påbegynte. Til og med ei bunke me bøker ligg klar. Det kan på alle måtar bli ein fin juleferie. Nå gler me oss til å vere i lag med familien, både med våre eigne barn, men og tanter og onklar og søskenbarn! Kjekt å ha litt juleselskapeligheter.




Juletreet vårt blei det finaste i år og!


Juleprosjekter.
Ps. det har sneket seg inn noko
nytt i bakkant av korga....
Kjem meir om det seinare.

Så vil eg ønske alle lesara ein kjempegod jul! Nyt dagane - det er dei som er livet. Og ta god tid til strikkepausar innimellom. Det senker hjerterytmen og gjer blant anna livsglede.

tirsdag 9. desember 2014

Desemberstrikk.

Lange mørke ettermiddagar,  storm og styggever ute, ein god sofa, godt og varmt med fyr i ovnen,  eit rom fullt av fint garn - ein perfekt kombinasjon for gode strikkepausar i desember. Litt julegåver er avslutta,  og strikkekorga var nesten tom.

Litt  hemmeleg...

Då var det på tide å sette i gang med noko nytt. Stripegenseren nærmar seg veldig slutten, nå har eg bare kantane  igjen. Og feste 1 million trådar.....

Raglandsfelling

Ellers har eg latt meg friste over evne. To posar med garn er innkjøpt! Men begge prosjektar kan bli gode og nyttige. 1.pose er garn til ein julegenser. Det har eg igrunnen hatt lyst på lenge. Eg jobbar som lærar i småskulen, er med andre ord litt "barnsleg" av meg. Derfor har eg lyst å ha ein fin julete genser til bruk i adventstida. Nå har eg funne eit mønster på Ravelry, av Maria Simonsen . Den likte eg kjempegodt! Så nå er mønster og garn innkjøp, det røde garnet hadde eg liggandes. Genseren var kun i str L, men ved å velge eit tynnare garn, Sisu, trur eg den blir akkurat passe til meg.  Eg er allereie godt i gang.


Mønsteret nede.
Eg gler meg til snømennene som kjem etterkvart.

Neste prosjekt er ein pose mjukt  Tweed-garn frå Sandnes. Det skal bli ein litt sid jakke som passar til feks. kjole og skjørt. Herlig garn - og godt å strikke av. På pinne nr.5 går det raskt unna.



Og jammen fant eg meg ei fin oppskrift som eg skal bruke det regnbuefarga Kauni-garnet mitt til. Eg gler meg til å gå i gang med det.  Kjem tilbake til det etterkvart.


Ha ein god adventstid vidare.






fredag 5. desember 2014

Gratulera med dagen!

I dag har me visst jubileum her i huset! Me kom heldigvis på det før dagen var omme. I dag er det 22 år sidan me flytta inn her i Konglevegen 15! Tenk det.  Huset - og me som bur her - ser annerledes ut i dag enn den gong. Huset var mindre, me har bygd på det 2 gonger, det hadde flotte og fargerike vegger, og tomta utforbi var eit stort og bratt prosjekt. Kanskje godt me ikkje visste kor mykje arbeid det var å lage hage i bratthenget?

Me har eigentleg bidratt mykje sjøl, til korleis huset skulle sjå ut. Me fann nemleg ein reportasje i eit Bonytt-blad i 1991 av eit hus me likte kjempegodt. Me hadde nemleg ikkje så lyst å ha eit vanleg typehus. Og med ein del justeringar og tilpassningar til det jærske tomta vår, fekk me oss eit fint hus, syns me. Men me trengte etterkvart litt meir plass, og bygde ut stova / loftstova og kjøkken. Då vart huset endå meir tilpassa ungdommar og mange folk i huset.

Dette var utgangspunktet.
Eit hus i Vågåmo.


Her er vårt 1.utgåve.
Klar til innflytting

Desse to småjentene var med på lasset!
Lenge sidan dei såg sånn ut!
Reisejenta og Eldstejenta

1.taco-kos i nytt hus.
Huskar det var ganske kaldt det første døgnet.

Sånn er huset nå!
Akkurat denne delen vart påbygd i 1999.

Nå er veggene kvite inne og huset blått utanpå, og me har meir enn nok plass. 
Og framleis er det godt å komma heim til akkurat dette huset.

Adventsstemning

Me er allereie langt inn i desember - dagane går fort og er korte. Dei fleste arbeidsdagane er sola på veg ner når eg tuslar meg heim frå jobb. Adventsamlingar, juleverkstad, øving av julespel - det er nok å henge fingrane i på skulen og. Men så er det jo koseleg og. Og  når elevane  ikkje vil gå heim, men spør om me ikkje kan vere ei stund til, så tyder det på at dagane er gode.  Og etter ein kaffikopp og litt middagen, ein liten kvil, og litt strikk - er det på tide å gjere noko her heime og.

I år har eg og Gubben fått oss adventkalender! Veslejenta har ordna det. Som regel er det eg som ordner og styrer. Denne gong vart eg servert! Herlig. Me er like spente begge to kvar morgon. Kva er inni i dag? Og det som er inni er veldig flott! Fine bilder frå oppveksten, litt av oss, og litt av veslejenta sjøl. Og med ein fin tekst som varmar på! Den kan varme lenge. Trur me må ha den hengandes her på kjøkkenet inn i det nye året og.
Flotte bilder med gode ord.

Melkebrød - godt med brunost på.
 Og så har me tent adventsstaken. I år er den sjølvlagt. Eg var med Bedehusdamene til eit plantesalg, der fekk me lage oss nydeleg adventspynt! Herlig å få kopiere noko fint som andre har laga. Og litt stas å ha gjort det sjølv.
Snart kan me tenna det 2.lyset.

Den gamle adventsstjerna.
20 år si me pusla i saman den.

Adventsstemning i heimen.

Lilla julestjerne - ein ny variant.
Eg er ikkje så glad i dei vanlege raude,
så denne passa fint.

Litt baking, julebrev, julegåver er og snart unnagjort. Og så kan me bare kose oss resten av adventstida. Eg prøver å ikkje styre for mykje. Vaskinga kan me ta til våren, det er så mørkt nå. Og bakinga må vere det me har aller mest lyst på, ikkje alle sortar som liksom "høyrer med".  Men nokre favorittar har me. I morgon kjem Eldstejenta på lefsebaking og julegeit-baking. Det vert nok koseleg.