søndag 8. mai 2011

Topptur i stiv kuling!

Sundag 8.mai - frigjøringsdagen- frigjorde me oss frå ungar, middagslaging og andre trivielle gjeremål, og drog på tur. Veret var nydeleg, men med mykje vind! Men med vindtette jakkar i sekken går ting bra. Målet var Bynuten, - 671 m over havet. Høgaste punktet i Sandnes kommune. Eg hadde ikkje vore her før. Me la i veg, i nydeleg natur, gode stiar, men det blåste enormt. Erfarne fjellfolk som me møtte undervegs, råda oss nesten til å ikkje gå opp til toppen. Måtte passe på å ikkje løfte føtene for høgt, då kunne me bli tatt av vinden. Men opp måtte me- og det var utruleg. Meir enn stiv kuling i kasta - sa dei! Me klamra oss til varden, fekk tatt nokre bilder, og begynte på nerturen. Ein artig opplevelse, tross alt!  Me følte oss ganske som innbarka fjellfolk etter denne turen!
Bynuten - varden i det fjerne!
 Vindfullt - men med god jakke på!
Vinden på denne sida av varden var enorm.

Men heldigvis fekk me skrevet namna våre inn i boka
som låg her på toppen. 
Det er viktig på tur!
Eit stykke neri lia fann me ein fin rasteplass,
med litt mindre vind.
Godt å lufte tærne litt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar