søndag 8. mai 2011

Strikkeprosjekter i mai.

Strikking i mai kan oppsummerast i eit ord: DOMINO. Eg er visst blitt hekta. Som vanleg greier eg ikkje å ha bare eit prosjekt på gang. Det er så mykje spennandes å strikke, at eg må ha fleire i gang samtidig. Og denne månaden er visst via til domino-strikk. Det er enkelt, spennandes, stadig nye fargar underveis - og det går fort. Eg ser fort resultater! Så det kan anbefalast!
Nytt Nepal-teppe er påbegynt!
Dei to første fekk eg levert personlig
- til teppe-Jorunn sist helg då eg var ein snartur i Bergen.
Eit flott og inspirerandes møte
på ein buss-holdeplass like utenfor flyplassen.
 Oppdrag i "Kari-klubben".
Denne gongen var det dei andre som ville lære å strikke
domino.
Eg sette meg ikkje på bakbeina for det.Temaet er sommar - eg har begynt på sjøen.
Snart skal eg strikke 
stranda,
marehalmen,
strandnellikane
og himmelen. 
Garnet ligg klart!
 Eit hytteprosjekt:
Me har pussa opp soverommet vårt.
Mala og beist i fine jordfargar. 
Fann eit inspirerandes bilde i "Hytteliv":
sengeteppe i store dominoruter. 
Det måtte jo prøvast. 
Garn frå Pickles
 Det blir nok større etterkvart.
Minstejenta var i Tallin i påsken:
Presang til mora:
Ein stor hespel med garn - 250 gram
Kan bli til mykje flott!
Tusen takk, Maren!

1 kommentar:

  1. Så stilig sengeteppe!

    Vil veldig gjerne gå i lære... :-)

    Her på toppen hoss blåser det og stikker og strå...selv om jeg ikke er så veldig mange hundre meter over havet. Ha en strålende dag videre!

    Klem, Hanne Tove

    SvarSlett