mandag 28. november 2011

Adventskalender

Det nærmar seg jul, og juleforberedelsane  har kanskje komme i gang. I år tenkte eg at bloggen min skal vere prega av  dette. Inspirasjonen til dette kjem frå ei god venninne, Rut "Storbloggar". Ei ny "luke" kan åpnast kvar dag, og du får ein ein liten opplevelse av noko som har med jula å gjere, enten her i huset eller ein annan plass. Nyt adventstida, la ikkje julestresset få rå. Eg ynskjer for kvart år at adventstida  skal bli god og innholdsrik, og ikkje prega av stress og kav. Å vere i lag med familie og venner er gode skattar. La oss heller bruke tid på det:-)

Pepparkakehuset frå 2008

søndag 27. november 2011

1.sundag i advent.

Det er framleis november, men jula nærmar seg  likevel. I år får me fire heile veker i advent! Det er ganske deilig, for det er alltid så mykje me har lyst å gjere i førjulstida. Kvart år skriv eg i juleboka vår: Begynn litt tidligare, bak mindre kaker, bruk tida til sosialt samvær og førjulskos. Så får me sjå om me greier det i år. Denne helga har me iallefall begynt med det sosiale samværet. Mellom-syster frå nord er heime, og me tre systre likar godt å vere i lag. Så helga har hatt ein del treff. I tillegg innviterte eg nokre av syskenbarna mine på besøk og det er alltid veldig koseleg. 7 pratsomme damer + 2 gamle morer = ein vellykka sosial laurdagskveld.  I dag var det sundagsmiddagen som vart felles, på Njågarden. Kjekt å vere i lag. Ute blåser det enormt - me får kose oss inne resten av denne 1.sundagen i ventetida.

Flott adventshjerte som gjestene hadde med.

Nå tenner vi det første lys, åleine må det stå. Vi ventar på det vesle barn, i krybba lagt på strå.

Vårlege tulipanar -  minner oss om at etter mørketida vert det lysare.

fredag 25. november 2011

Pakke i posten!






I dag fekk eg ein pakke i posten. Frå Allers. Spennandes - og uventa. For ei tid si sendte eg inn ein sjølvkomponert sak til ein   strikkekonkurranse. Og i dag fekk eg den tilbake - saman med ein bokpremie. Eg var blant dei heldige vinnarane! Rektignok vart det ikkje 1.premien - som var ein tur til Island, men eg var nok blant dei 11 - 20 som fekk premie! Stas! Og kva var den sjølvkomponerte saka? Jo, ein kjærlighets-SOKK - for to!  Dersom du har lyst å lage din eigen kjærlighets-sokk, kan du jo gje meg eit hint. så kan eg sende oppskrifta til deg! Sokken passar godt for kalde tær som treng opptining!
Passar for to kalde og to varme føter.

Premien. Eg er ikkje sikker på om dokkeproduksjonen vert så veldig stor. Men eg kan jo strikke identiske dokker av meg og gubben, slik at jentene får med seg "mor og far" den dagen dei flyttar ut:-)

Kjekt å få brev i posten! Følg med på nyåret, då kjem det kanskje bilde i Allers:-)

søndag 20. november 2011

Tjuvstarting

Eg har tjuvstarta på jula! Opna den første julegåva - eg fekk lov av gjevaren. Og inni var det akkurat det eg ønskte meg aller mest: GARN:-) Mi gode venninne og kollega har nemleg eit nydeleg sjal i utruleg flotte blå-turkis-grønne fargar. Eg har egentlig vore litt misunneleg på det sjalet. Men problemet var at fargen ikkje vert produsert meir. Garnet finns i andre fargar - men den finaste har dei kutta ut. Forstå det den som kan. Men Siri - ho hadde to nøster på lur, og dei har eg fått! Gjett om eg vart glad! Då måtte eg bare sette i gang med det same, sjølv om andre strikketøy ligg og ropar på meg. Så snart kan eg og gå rundt med eit fantastisk sjal i dominostrikk rundt halsen - og ikkje vere misunneleg meir! Tusen takk, Siri:-)
Sjå kor nydelig!




Fantastisk garn!

Mi gode venninne og kollega. Ungane på skulen trur me er tvillingar, eller systre. Me likar iallefall dei same fargane!

fredag 18. november 2011

På pinnane akkurat nå.


Det er visst lenge sidan blogginnlegga har handle om strikking. Så då er det på tide med ei lita oppdatering. Eg har faktisk ikkje fullt så mange prosjekt på gang som eg brukar å ha. Kanskje eg begynner å bli normal?! Men eg har faktisk eit sytøy. Det er mange år sidan sist. Og de 5 forrige påbegynte sytøya mine ligg framleis på lager i påvente av betre tider. Lurer på om det skjer? I år har eg nemleg nesten sydd ny juletreduk. Sånt tar jo litt tid, og strikkepinnane må kvile imens. Men det nærmar seg slutten - eg er veldig godt fornøgd med det. Så årets juletre skal få stå på ny duk:-) Ellers er det danskejakken som tar litt tid - ikkje lett å vere rask når ein strikkar med "sytråd". Uvanleg tynt garn - men jammen blir det fint.Til slutt ein liten titt i vinduskarmen. Mørketida er over oss. Det er slutt på sola inn i huset vårt for i år! Kven skulle tru det på flate Jæren? Men me er litt moldvarpar - trykker oss inn i bakken med huset vårt. Men likevel:orkideane i vinduskarmen er i ferd med å komme med nye blomar. Ganske fantastisk:-)

Skal bli til ei pute. Garn frå Finnøy!
Nepalteppe nærmar seg slutten. Bare ei rekke igjen.
Juletreduken min.

Her manglar det bare kvitt og rødt

Ska tru om juletrea blir med snø på i år?

Langtidsprosjekt! Nytt teppe. Eldstejenta ønsker seg gulbruntoransje slumreteppe. Kanskje det vert ferdig til dei kjem flyttandes sørover?

Ferdige oppvaskklutar. Godt å strikke på når eg må konsentrere meg om andre ting - foredrag feks.

Danskejakken tar form. Kjekk å strikke. Ein Marianne Isager-modell

Like kjekt med baksida? Her er det bare å ta nåla fatt!
Siste mote fra Paris: Gler meg til å begynne på dette. Kva det skal bli? Ein jakke / jumper med fargerike knappar.

Flotte orkidear som er i ferd med å sprette ut.

Nye knoppar. Her kan me bare glede oss til nydelege blomar i vekevis!

søndag 13. november 2011

Farsdag

Det har vore farsdag i dag. Den blei markert med ny skjorte til faren vår, flott gudsteneste i kyrkja, god middag heime, besøk hos svigermor og tilslutt besøk hos gode venner. Ein god dag! Og jammen er me glad me har ein far i huset som er like heil. Denne veka har minna oss på at det ikkje er sjølvsagt. Ein eksplosjon på jobb der fleire vart alvorlig brannskada sette ting i perspektiv! Så dagane må me leve mens me kan, me veit ingenting om morgondagen, hverken om gode eller vonde ting. Heldigvis! Imens får me kose oss med kvardagsgleder og huske å setta pris på kvarandre
Ha ei fin arbeidsveke alle saman:-)


Franskmann

Båtmann

Fjell- og sykkelmann

Kaffimann

mandag 7. november 2011

Systrene på tur!

Ei fin helg er over! "Systrene Snuse" har vore i lag i fin Sunnmørsnatur. Nydeleg fjelltur i solskinn, shopingtur til Fosnavågen uti havgapet der me fant fine kjolar,  mange gode samtalar, nydeleg mat, gode strikkepausar og mykje fjas & moro. Gode ingrediensar for ei vellykka helg! Denne gongen gjekk reisa superfint, ingen ubehagelege innslag underveis. Bare 1/2 time vanleg forsinkelse i dag når me skulle heim. Så takk til systrene mine for ei fin helg!
Blide damer på sundagstur!
Flott natur.

Rastepause med "Systervatnet" - eller "Brørevatnet" som det eigentleg heiter.

Kveldshimmel

Morgonstemning på Hareid. Tid for å reise heim.