torsdag 24. september 2015

Kåpe-strikk

Det går framover med kåpa. Men sjølv om  eg har strikka ganske trufast på dette strikket i det siste, så er eg ikkje ferdig. Men det nærmar seg. Bolen er ferdig, eg held på med andre utgåve av volangane, og armane er sett i produskjon. Den første armen som var nesten ferdig - har eg rekt opp igjen. Syns den blei litt smal..... Så nå har eg begge armane på pinnen samtidig, med Magic loop, og eg syns det går ganske greit. Eg skal ikkje påstå at det går mykje fortare på denne måten, for litt dillete er det. Må passe på at eg strikkar med rett tråd, og eg må blant anna auke på 4 plasser i staden for 2. Men dei blir i allefall tilnærma identiske nå og eg slepp å strikke den kjedeleg 2.armen.
Volangen vart for vid for meg, då eg strikka slik oppskrifta  skisserte. Litt vel mykje rynker. Dessutan var det enormt med maskar, 750 på pinnen om gongen, og det var bare halve volangen. Så eg brukte nokre timar på den. men det var fort gjort å rekke den opp igjen:-) "Ikkje heilt din stil" kommenterte Gubben då eg spurte han til råds. Det avgjorde saka, eg syns det vart litt for "blondete" eg og. Nå er eg i gang med 2.utgåven, håpar den passar til "min stil".

Bolen med halskant er ferdig

Må kjøpe meg to fine knappar!

Mykje volanger!


To armar - i litt anna struktur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar