søndag 27. september 2015

Ein fin sundag.

Sundagar er fine. I allefall når me får fint ver og har god tid til litt andre aktivitetar enn vanleg. Hausten har vore travel til nå, i allefall på jobb! Det er ganske altoppslukandes å begynna med 1.klasse. Utruleg mykje som skal lærast for at skulekvardagane skal gli lett og godt. Sofaen med strikketøyet har vore ein god venn på ettermiddagstid. Då er det godt med ein sundag innimellom, med mykje lys heile dagen.

I dag var det Noahs ark som frista å besøke. Den ligg nemleg til kai i Stavanger. Som ein blanding av eit museum og ein kunstutstilling. Den vart slept dit frå Rostock i Tyskland via Kristiansand, og skal vidare til Bergen. Det var flott! Masse folk og ungar, spennandes å sjå.

Etterpå la me turen ut til kysten. Me har nokre småparti igjen innimellom, og i dag tok me turen mellom Viste Strandhotell og sørover, til Kvernevika - der me stansa sist me var på desse traktene. Nå manglar me bare litt i Tananger og frå Hafrsfjord bru til Tananger. Og så sørover frå Obrestad fyr. Heldigvis er ikkje året omme ennå.I sekken hadde me kaffi og vafler - koseleg med ein rastepause på ein knause med havutsikt.


Noahs Ark

Me traff blant anna
Jesus og foreldrene ombord.
Det var flott lagt til.


Så ut på tur.


Me hadde med god niste i dag.





Flott og frodig langs sjøen.
Dette var tur nr. 51. 
Snart er det haustferie. 
Då skal me ta turen til Sunnmørsalpene:-) 
Håpar me.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar