søndag 7. april 2013

Sykling i Provence.

I sommar skal me på langtur. Me fekk smaken på "det gode liv" frå sykkelsete i fjor då me sykla til Skagen. Nå er årets tur planlagt, i år blir det sykkeltur i Provence. Gjett om me gler oss. Tormod Turleiar og Siri Sykklist skal vere med. Å sykla frå by til by, i god temperatur, kjenne lavendellukt, ete makroner (og ikkje sneglar!), stoppe for  koselege rastepausar undervegs, snakke eit språk me ikkje forstår, få all baggasje kjørt frå hotell til hotell, ete nybakte baguetter til frukost....... Det kan fort bli mange kjekke opplevingar! Etterpå blir det late dagar i Nice! Det kan og bli nice:-) Syklar, kart  hotell og flybillettar er bestilte, nå må me bare øve opp bakdelen for mange mil på sykkelsetet.  I dag starta me  - årets første treningstur gjekk til Voll - Skjæveland - Engelsvoll - Klepp Stasjon og tilbake til Verdalen. Ein god runde, på 1,8 mil! Plutseleg er me klar - til "Tour de France"! (Bileta er funne på nettet!)






Me skal starte i byen Orange.
Og så bærer det nedover
bakkane til sjøen
- eller Middelhavet!
Håpar det blir tid til mange gode dukkertar.


3 kommentarer:

  1. Aktiv ferie! Det høres kjempebra ut. Kjekt å planlegge i god tid, for den tida vi gleder oss er alltid god og kan gjerne vare ei stund. Jeg nyter fremdeles vinteren, har smurt niste og fylt termos og er straks klar for skitur. Det gode pensjonistliv!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Skiturar er og flott! Eg har akkurat komt heim frå min måndag-morgen-strandtur! Flott måte å møte dagen på. Snart ventar skuleungane, eg må bare strikka litt til først:-)
      Toneklem

      Slett
  2. Det høres ikke dumt ut. Vi håper du poster noen oppdateringer underveis, og ønsker deg en god tur!

    SvarSlett