søndag 30. oktober 2011

Systertur i november.

Det nærmar seg raskt november, og ein av tradisjonane me har i denne måneden, er ein systertur til Ulsteinvik. Det er ei fin tid å reise på, me får som regel mykje for pengane. Veret har ofta vist seg frå ei heisen side på desse turane. Storm, forsinkelsar, nattferjer osv er ting me må kalkulere med! På fredag dreg eg og "gamle-syster" av stad, for å besøke "halv-gamle-syster". Kjekt for dei at yngste-systera tar seg av dei ei helg! (Småsystre kan vere plagsomme som små, og ertne som store og!) Men jammen er eg glad i dei to systrene mine, og me har det veldig trivelig og kjekt i lag. Så nå må eg finna kofferten, pakka ner turkler, strikketøy og kanskje julegåver (dersom eg får ordna det denne veka) - og lade opp til ei koseleg helg med tur,  strikkepausar, handletur , kaffikos og gode samtalar!
Frå 2010 - gule blad på trea, og snø på fjelltoppane. Litt uvanleg for oss rogalendingar! På handletur til Volda.

2 kommentarer:

  1. Hei på deg!
    Reknar med dokke skal til Volda på shopping denne gongen og?? Då må du ta med gamlesystrene på kafeen "nabolaget". Trur du vil ha sansen!!
    God tur til fagre sunmøre:) KlemRUT

    SvarSlett
  2. Takk for tipset. Eg skal prøve og overtale dei:-)

    SvarSlett