onsdag 1. september 2010

"Avslappingshelg" og hyttefred!

Så har me hatt oss ei god hyttehelg igjen, bare me to halvgamle i familien. Me må visst kalle oss vaksne nå, når ingen av ungane er med oss på tur lenger, og me må dra iveg aleine. Men jammen klarer me å fylla opp bilen likevel. Denne gong var ikkje det eingong nok plass, me måtte ha med oss ein stor tilhengar i tillegg! Terje sine hobbyar tar stor plass! Forutan nytt (kjøpt brukt!) combiskap - kjøl/frys - til boden hadde han røska med seg sekker med mold, sement, grus, armeringsjern...... Eg nøgde meg med symaskin og diverse posar/ korger med tøy og garn! Godt å slappe av med noko ein likar! Helga vart flott - me fekk gjort mykje - til og med gått tur, og reiste heim med gode minner om ei flott seinsommarhelg! Nydelig lyng i hytteveggen!
Boda vart tømt, me skulle
ha ut fryseboksen og
inn med combiskapet!
Kjekt å sy!
Særleg på min nye symaskin!
Terje som "frimurar".
God avkobling frå
kvardagstravelheita.
Regn og sol over Lille Hellas!
Fasinerandes lys over
Kådavågen.
Plutselig kom eit lite fly
svevandes over himmelen!
Og jammen var det ikkje
Guro og Sebastian som var på tur!
Både nifst og artig!
Eplehausten vart god dette året!
Lang, lang rekke....
Terje sitt prosjekt.
Kva det skal bli?
Ein skiferlagt platting til å nyte
morgonsola på!
Her var min duk ferdigsydd!
Søndag - tid for tur!
Noko hadde "landa" i nypebusken!
Kanskje ei innbakt nype?
Me fann litt bjørnebær!
Godt å ha til vinteren saman med litt is!
Velkommen på besøk då!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar