søndag 15. juni 2014

Båtliv.

Seinare i sommar skal me ut på tur igjen. Då skal me ta gamlebåten "Malene" med oss på kjøretur. Forbundet "Kysten" - som er eit forbund for gamle sjøulkar som er glad i gamle båtar - skal ha landsstevne i Oslo. Med ein stor konvoi av store og små båtar innover Oslo-fjorden. Og mykje liv og røre i havneområdet i Bjørevika. Og dette skal me vere med på. Me skal dra båten etter oss til Oslo for å ro litt i fjorden saman med mange andre båtar. Det kan bli ein artig opplevelse. Det er Gubben som er prosjektleiar og reiseledar for turen. Og syklistane frå Ålgård skal vere med - utan sykkel denne gong. Overnatting skal skje i fint strøk - på Bygdøy bed&breakfast (eller var det Skaugum det heite....?) .

Etterpå overtar eg regien - eg vil nemleg på Galhøgpiggen. Det er eit mål eg har hatt lenge. Så nå når eg har blitt 50 + litt til, er det på tide og gjere alvor av det. Etter Oslo går turen oppover landet, til Lom og fjella omkring. Og søndag 20.juli har me tenkt oss opp på Norges høgaste fjell! Eg gler meg - eg har allereie fått meg kart. Eldstejenta jobbar i Kartverket og gav meg eit til bursdagen. Me satsar på fint ver den dagen. Uansett - eg reiser ikkje heim før eg har vore på toppen!

Men når ein skal ut på "lang og strabasiøs" rotur, må ein jo ha utstyret i orden. Så Gubben har bestilt nye sitteputer til båten. To avlange som roarane skal sitte på - dei skal festast på toftene med borrelås, og tre runde til passasjerane. Nå er dei ferdige, strikka av restane etter "Terje-genseren". Måtte riktignok kjøpe inn litt ekstra garn for å fullføre prosjektet. Men godt å få bruke opp noko av det som allereie finns i huset. Og nye strikke-spare-pengar kan stappast på glaset mitt!

Ferdig!

Den eine puta måtte eg bruke blått i,
det var nemleg tomt for grønt.
Vendestrikk - enkel og greit å strikke.
Og trådane skal ikkje festast -
dei blir til fine frynser ved toving.
Tørking på eit varmt golv.
Ser bedre ut nå.
Blei fine og flate på midten.


Dei firkanta strikka eg i dominostrikk.
Likar jo godt den teknikken.
Jammen ikkje mykje garn igjen.
Eg måtte finne noko ekstra i
ei av korgene på Kammerset.


1 kommentar:

  1. Du snakker om å ha ferieplanene klare! God tur på Galdhøpiggen! Så mye du har strikka! Imponerende produksjon! Koselig når det er lagt inn "bestilling", da.

    Klem

    SvarSlett