mandag 6. oktober 2014

Prinsessen på erten.

Eg er ferdig med ei ny lue. Garn og mønster kjøpte eg i Køvenhavn for eit år sidan, på jentetur i lag med Siri. Me var innom Sommerfuglen, og her var det mykje fint. Blant anna fekk dette garnet bli med heim. Litt tidkrevandes har det vore, det har jo tatt nesten 1 år! Men eg har jo strikka andre masker innimellom.... Tynt garn, ein heil haug med biser, der eg plukka opp maskar på baksida med ein ekstra pinne, og strikka maskane på dei to pinnane saman igjen. Men nå er lua ferdig! Kalde haustdagar kan komma. Men akkurat for tida ser det ut til å bli lenge til! 18 grader i helga. Rart i oktober.

Finn Schøl-vasen kan brukast til så mangt!

Erta er på plass!

1 kommentar: