lørdag 28. februar 2015

Babystrikk for ei vordende mormor!

Eg skal bli mormor! Hurra! Eg har gleda meg til dette lenge - og vore litt "små-sjalu" på systrene mine som har god erfaring allereie. Men nå er det min tur! Til sommaren kjem det ei lita jente - og Eldstejenta skal bli mor! Det blir stort! Me gler oss alle saman. Og det er ein fryd å finna fram tynt fint garn og nydelege fargar og strikka søte små plagg. Eldstejenta er flink med strikkepinnane sjølv, men ho sett pris på at me andre og vil bidra. Og dei to som skal bli tante er og i full gang! Dette blir gildt!
Ein liten gul jakke.
Strikka etter ei gammal oppskrift frå 84 /85.
Kjekt med litt retro.

Eg strikka ein "rumper" - eller ein badedrakt
syns eg det likna mest på.
Litt artig når sånne gamle ting kjem
til heder og verdighet igjen.




Og så held eg på med eit vognteppe
- eller bare eit teppe.
Litt utfordrandes å strikka - ikkje noko system på
på mønsteret i det heile.
Men kjekt arbeid til ei kosestund aleine.

Frukoststrikk.


Andre sida.
Eg strikker rundt og skal klyppa opp etterpå.
Nå er eg omtrent halvvegs.
Skal strikka mønsteret ein gong til.

Når eg kom på å bruke strikkemarkørane for kvar 10.maske
- slik som mønsterarket var delt inn,
gjekk det mykje lettare å følge med på kor eg var.
Nå har eg heile kontrollen.
Men eg må bruke merketusj for å stryke ut det eg har strikka.
Kan lett gå i surr.
Mønsteret fann Eldstejenta
på Ravelry - her.

Ein liten jakke til har eg fått tid til -
i nøstebarn-garn.
Utruleg tynt garn - men blir nok god og varm likevel.
Kjekt med fletter.






2 kommentarer:

  1. Det er gildt å vera mormor! Trur du og Terje kjem til å bli alle tiders besteforeldre, så leikne som de er, og så mykje kjærleik og omsorg de har å gi eit lite barnebarn. Og barnet skal ikkje mangla fine strikkeklede, det er heilt sikkert, så mykje fint som du lager, Tone! Takk for titten, kos deg i ventetida:) Klem frå Liv Oddny

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Liv Oddny! Ja dokke er gode forbilder som besteforeldre!

      Slett