lørdag 22. november 2014

Novemberstrikk.

Eg har teke eit dykk ner i strikkekorga for å sjekka kva eg finn der nå i november. Eg trudde ikkje det var så mykje, men jammen fann eg ein god del. Gubben klagar innimellom - han kan ikkje sette seg ner nokon stad - det ligg alltid eit strikketøy i vegen! Ikkje heilt sant då.... Men heldigvis fann eg ikkje så mange gamle ting som ligg og aldri vert ferdige. Nisselua er snart ferdig, stripejakken, nr 6B, er inne i ein god periode - den aukar jevnt og trutt, aranteppe er blitt lenger, adventsmysteriet har gått litt i stå - syns det vart litt kjedelige fargar - trur eg ventar på restegarnet etter stripefesten. Det vert nok eit mjukare skjerf enn det som er på pinnane nå.

I tillegg dumpa ein nydeleg "Nancy"-jakke oppi strikkekorga mi ein dag - eg har fått æra av å klyppe den opp og strikke kantar! Eg håpar nabo-strikkaren vert fornøgd! Og nokre julegryteklutar fann eg - må ta eit tak der ser eg. Kamelen har visst gått i hi - kanskje den vert klar neste år? Og tilslutt fann eg ein ny pose med tynt bomullsgarn - her vert det ny stripefest og håndkle. Må ha noko som er enkelt å strikke - og blir noko nyttig. Til sosiale happeningar. Og så var det visst eit teppe til i kroken..... Må ta tak i det og. Arbeidsledig? Neppe den første tida i allefall.



Ha ei fin strikke-førjuls-tid.

1 kommentar:

  1. Jammen har du litt å ferdigstille! Dette hadde jeg blitt svett av. Lykke til! Så gøy det blir å komme i mål. Mye fint i vente, ser jeg.

    Fortsatt god søndag!

    Klem

    SvarSlett