mandag 13. desember 2010

2.adventsveke er over.

Adventstida er ei ventetid. Som regel har me fullt opp av gjeremål for desse hektiske vekene. Baking, julekort, pakkar, utvask... lista kan bli lang. I år slepp eg unna vaskinga - Terje har lagd loftet om til ein byggeplass, og støver ner huset støtt og stadig! Eg kan ikkje ha full utvask kvar dag! Men det er og viktig å roe ner litt i førjulstida, løfte blikket frå dei praktiske gjermåla og fokusere på det som betyr noko for oss! Høyrte ein kveld ein mann som sa det ganske fint:
Det viktigaste er relasjonar. Alt anna blir bare bagatellar!
Gode ord i ei adventstid!

Måndag 6.des
 Me fekk opp julekrans på ytterdøra.
Laga av Marit på Voll juletregard.

Tysdag 7.desember
 Gjennbruk: Terje hadde ansvar for blomster i kyrkja på sundag.
Etterpå fekk eg dei!
Dei lyste fint opp i adventstida!

Onsdag 8.desember
 Terje hadde komitemøte i Eldhuset denne kvelden!
Då fekk nissane flytta inn.
 Vaffelsteiking i Eldhuset!

Torsdag 9.desember
 Guro sin adventskalender.

Fredag 10.desember
 Me var på Julebygdaspelet!
I eit forferdeleg regnver!
Men det var fantastisk!

Laurdag11.desember
Badet blei kledd i kvitt!
Godt eg fant ein "handy-man".
Om kvelden hadde me julebord
i lag med gode venner!

Sundag 12.desember
Adventsfrukost - ilag med gode venner!
Ein gammal tradisjon frå ungane var små.
I år var me bare 4.......
Om kvelden hengte eg opp julekulene mine.
Dei var veldig kjekke å strikke!
Fin velkomst i gangen nere.

1 kommentar:

  1. Lillian Slettebø Nordal26. desember 2010 kl. 19:22

    Godt å sjå at de held tradisjonane i hevd:)

    SvarSlett