søndag 5. desember 2010

Adventsveke nr. 1

Me er komne til desember, det er advent og ventetid. Det er mykje me ventar på i denne tida, og det kan vere fint. Denne veka har vore litt prega av dette. Me ventar på julestemning, at julebaksten skal bli gjort, at pakkane skal bli klargjorte, på snø, på julebrevet som skulle vore påbegynt, og tid til å slappe av med kaffikos og julekaker. Fjorårets oppsummering av jula viste at me bakar for mykje kaker, så det må me gjere noko med i år. Imens ein liten titt på veka som gjekk.

Måndag 29.november
Me var på "Kjøkkenet"på Bryne.
Feira at Guro var ferdig med eksamenar og 1/2 års studier!

Tysdag 30.november 
 Maren starta julebaksten -
nydelige kakemenn - med sjokoladepynt.

Onsdag 1.desember
 Morgentur på stranda - i 11 kuldegrader!
Blei nesten ikkje varm eingong.
Minner meg om ei barnebok me leste for ungane då dei var små:
"Kamelen som gjekk morgontur".
Kanskje eg er blitt ein kamel - etter alle desse morgonturane?

Ungane vert visst aldri for gamle
til adventskalender ennå.
I år er nesten bare pakkar til Maren.
 Guro er visst vaksen!

Torsdag 2.desember
 Maren fekk adventskalender - med bilde av seg sjølv.
Ho vart glad!

Fredag 3.desember
 Innkjøp til julebaksten.
Så nå kan me bare setta igang.

Lørdag 4.desember
 Lefsebaking saman med storesyster Rønnaug og mor.
Ein koseleg tradisjon!

 Sundag 5.november
Etter ein flott gudsteneste var me på
Voll juletregard og fant det finaste treet i år og.
 Ikkje lett å sjå skogen for bare trer her!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar