søndag 27. desember 2015

Jul.

Plutselig vart det jul! I år følte eg den kom som julekvelden på kjerringa. Ingen blogginnlegg i heile desember, det er litt uvanleg. Men i år har det vore ein del "tidstjuvar" på ferde, så tida strakk ikkje til. Svigermor døyde 29.nov, og då blei planane for førjulstida litt annerledes. Det er alltid trist når eit liv er over, men me har mange gode minner. Men det blei jul i stova likevel, med Veslejenta som kom heim på juleferie, med mindre kaker i boksane, ikkje lefser, og romjulskort i staden før førjulskort.  Viktige ting som julegåver, pinnekjøtt og god mat blei innkjøpt i god tid. Og det beste av alt, alle tre jentene med sine familiar var heime på julekvelden. Då gjer det ingenting om ikkje alt er på stell. Å ha god tid til å vere i lag, lage gode middagar og dekke lange bord, gå i juleselskap og få besøk av julebukkar i romjula - det er godt å ha juleferie.


Den strikka julekrybba var i bruk i ny 1.klasse i år.
"Du er jammen flink å strikka"
fekk eg høyre nokre gongar.
Kjekke ungar!
I jula fekk den vere heime.

I år vart treet ekstra høgt!
Godt med god takhøgde i stova.

Alle 5 jentene i familien.
Frå venstre: Meg sjølv, Guro Reisejente,
Maren Veslejente, Matilde Eldstejente
og vesle Tordis.
Familiens midtpunkt.

Desse julerosene fann eg i hagen på julaften.
På Jæren kan me visst plukke blomster året rundt.

6 kommentarer:

  1. For en fin "bukett" med jenter! Og så like! Her ble rosene kjøpt på butikken. Nå har det kommet godt med snø, så jeg håper på en skitur i morgen. Var ute og subba i nysnøen i dag, men det blir ikke det samme.

    God romjul fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for koselig kommentar. Her er det dessverre ikkje snø. Skulle gjerne tatt meg ein skitur i nabolaget.

      Slett
  2. Hei Tone! Eg såg i avisa at svigermor di gjekk bort, kondolerer. Ser ut som dykk har hatt ein fin jul likevel, og det viktigaste er tross alt å ha tid til kvarandre, resten er bare smør på flesk. God romjul og nyttårsfeiring.

    Elida

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kjempekoselig melding.

      Slett
  3. For ei fin julekrybbe! Forstår godt at barna var imponerte. Fint å dele med dem;) Når hendingar i livet vårt dukkar opp, må sjølvsagt andre ting vike. Det blir ekstra spesielt når det skjer i juletider.

    SvarSlett
  4. Tusen takk for koselig kommentar!

    SvarSlett