onsdag 30. desember 2015

Årskavalkade 2015

Eit år nærmar seg slutten igjen, og då kjem me ikkje utanom ein kavalkade.  
Mange maskar har vore på pinnane dette året og, det er framleis min store hobby og lidenskap. 
Når dagane er travle og overskuddet brukt opp på dei søte små på jobb, 
er det lettvindt å sige ner i sofaen med eit spøt.
 Det krever ikkje så mykje å dra det opp frå korga og ta eit par rundar. 
Andre teknikkar må ein gjerne førebu litt meir, og det er meir rotete mens det står på. 
Tidligare, når jentene var små, likte eg godt å sy - både kler og ting & tang til huset. 
Men nå kosar eg meg mest med strikketøyet. 
Det har nok blitt min faste følgesvenn.  
Går aldri avgårde utan eit i veska. 
Kan jo ver eg blir veldig trengandes! 
Mange ting har havna hos meg dette året og, 
men det eg har strikka mest av, nemleg håndkle, 
 har eg brukt til presangar. Kjekke å gje bort.

Eg har smugkikka på tidligare års kavalkader,
for å sjå kva for kategoriar eg pleier å oppsummere.
I år har eg vore flittigare med notatboka,
eg har notert ned alle avslutta strikkeprosjekt,
kor mange gram eg har brukt, og kor mange meter eg har strikka opp.
Det har blitt både mange kilo og mange kilometer.
Litt utruleg......
Men eg ser eg kunne vore endå meir nøye,
 så kanskje det blir meir nøyaktig i 2016.

Men totalt har eg nok strikka opp
nesten 9 kg 8,3 kg garn. 
Det utgjer ca 20 km med tråd. 

 Eg har rekna på dette mange gonger, syns det blei litt mykje.
Men så var Gubben med å rekna.
Då måtte eg justera ner litt....
Jaja, mykje med over 8 kg og.
Litt vanskeleg med dei prosjekta som ikkje er avslutta ved eit årskifte,
 men det har eg tatt høyde for. 

Men så over til årets bilder:
Kva har vore på pinnane dette året?
Kva strikka eg mest av i 2015?
Eg har strikka 9 håndkle,
så dei får prisen for flest i antall.
Årets beste gåve:
Reisejenta vart 25 år og fekk nytt pledd.
Dette passte godt inn i deira leilighet.
Mesteparten vart strikka i 2014,
men 2 remser og blondekanten rundt
strikka eg i 2015.

Årets mest ufornuftige strikketøy:
Ingen kan vel seie at det er
fornuftig å sette i gang med utgåve nr.2
av lyktestolpen....
Må passe fint inn i denne kategorien.
Årets herreplagg:
Denne vart populær.
Gubben har brukt denne jakken utruleg mykje.
Passa godt med ein ny nå,
sidan eg har klart å krympe dei to andre han brukte så mykje......

Årets kjedeligaste strikketøy:
Dette var så kjedelig at det havna i søppelkassa...
Verre kan det vel ikkje bli.
Det blei rett og slett stygge fargekombinasjonar.
Årets designer:
Eg har visst ikkje hatt ein favoritt i år,
men eg har strikka ein del etter inspirasjon av bilder o.l. frå feks Pinterest.com.

Kanskje eg har vore min eigen designer dette året?
Puter, håndkle, fiskar, jumprar.
Årets beste dameplagg:
Denne vart ikkje ferdig før jula skulle ut av huset i fjor.
Men i år har eg brukt julegenseren min mykje.
Kjekk å bruke på skulen og ellers i heile desember.
Her er modellen med blekkauge, sånn vart det i fjor....




Årets tregaste strikketøy:
Ikkje ferdig ennå....
Begynte visst for 2 1/2 år si...
Satsar på 2016


Beste sjal:
Ingen sjal i år heller.....

Årets beste leiketøy:
Dette må vel bli ein slagar.
Badinga/vaskinga går nok som ein leik nå.

Årets beste hals:
Hadde visst nok av det og...

Årets gladaste sokkepar:
Desse vart veldig godt mottat og godt brukte.
Må nok snart strikke eit nytt par.
Og jammen har eg lært meg forskjell på styrbord og barbord....


Årets minste herreplagg:
Dersom me kan kalle denne karen for ein herre då?
Ordet bamse er jo hannkjønn!
Uansett: Minste plagg i allefall.
Populær type hos skuleungane mine, han her.

Årets minst brukte plagg:
Desse vart strikte på bestilling frå ein kjekk kar.
Trur ikkje han har tatt dei i bruk,
for bunaden var ikkje heilt ferdig ennå.
Men eg håpar han får brukt dei mykje i 2016

Denne er nok og blitt lite brukt i år.
 Er nok litt for stor til Tordis ennå.
Men ho veks som ugras, seier mora.
Snart i bruk då.
Årets beste og søtaste modell:
Nydelig jente i mormorstrikk.
Veldig kjekt å få strikke noko til denne jenta.

Foto: Matilde Skår

Årets største utfordring:
Dette mønsteret var ganske krevandes.
Men når eg konsentrerte meg om 10 maskar om gangen,
så gjekk det bra.

Men resultatet vart jo bra!

Årets største strikketøy:
Måtte jo vere til meg sjølv.
Eg brukte akkurat eit kilo garn i denne kåpa.
Årets sjøprosjekt:

I år strikka eg visst ikkje noko til båten,
men oppi båten.
Fint å vere strikkandes passasjer i
gamlebåten Malena.

 Årets største resteprosjekt:
Blei visst største prosjekt av restegarn dette.
Årets nykommer:
Eg har faktisk hekla litt iår.
Desse vart til ein ventedag på sjukehuset med mor.
Det er ganske umulig å sitte 7-8 timar på akutten
og vente uten å ha med seg litt garn.
Og denne har eg hekla.
Kjekt med litt nye prosjekt.
 Årets søteste strikketøy:
Desse vart søte og små.
  - og søtaste "snart-strikkar":
Vesle Tordis var med på
Strikkehelg i Stavanger.
Med mor, mormor og farmor.
Må tidlig krøkes....
Ho må nok snart lære seg kunsten sjølv og.
Heldigvis satt ho ganske stille der på fanget!

Foto: Matilde Skår
 Årets mest fargerike strikk:
Denne har eg fått mange kommentarar på.
Ser eigentleg meir avansert
ut enn den er!
Årets høgaste strikketøy:
Kjekt å ha med strikketøy på tur.
Me var på ein del fjelltoppar i sommar.
Godt med ein strikkepause på toppen.

Dette var oppsumeringa av strikkeåret mitt.
Resten har dokker sett undervegs.
Nå er det bare å strikke ferdig noko påbegynt,
og planlegge nye prosjekter for 2016.
Det blir nok nokre meter og kilo då og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar