torsdag 18. oktober 2012

Akkurat ferdig!

Jumperen min i blågrå/ lyst garn og med skotsk mønster frå Rowan, er akkurat ferdig. Trådane er festa, for 2. eller 3.gong, og eg er endeleg fornøyd med resultatet. Endeleg seier eg, for eg har vore litt mellomfornøyd innimellom. Det er ikkje alltid like enkelt å strikke til seg sjølv - og slik at det passar heilt perfekt! Jumperen var kjekk å strikka, men krevde innimellom einerom. Særleg då eg var midt i rosemønsteret. Men litt undervegs oppdaga eg at eg ikkje var heil fornøyd med vrangborda. Den var strikka på pinne nr. 3,5 slik som resten av genseren er, og var dermed litt slakk. Så eg bestemte meg ganske fort for at den ville eg strikka om igjen.  Men eg orka ikkje å rekke opp igjen heile mønsteret. Så då klypte eg heller opp ein omgang rett over vrangborda, og tok den av. Og strikka ny på pinne nr 3 slik at den blei litt strammare. Så "maska eg på"  resten av bolen. Men då syns eg jumperen var litt kort! Eg tok like godt av vrangborda ein gong til, og strikkka på den ei mønsterbord til! Så var det påsying igjen - med fine maskesting. Godt eg lærte meg ein del slike teknikkar i ungdommen, då eg strikka modellar for Sandnes Garn. Nå er genseren perfekt - den ventar bare på å bli tatt i bruk! Nå må eg inn på Kammerset og planleggja nye prosjekt! Garnlageret er fremdeles stort! Utruleg kjekt og inspirerandes å ha eit eige rom som eg bare har fine, nydelege, fargerike "ting" i! Innimellom tar jentene mine og ein tur innom! Veldig kjekt:-) Ps. Etter inspirasjon frå Monstermønster - har eg starta med overskrifter i alfabetisk rekkefølge. Denne gong A, neste gong B..... så få me sjå om eg og greier det!
                         God strikkehaust til dokke alle!
Egentleg ferdig:-)


Litt justering.

Uklart bilde...... men nå må det fine maskesting til!

1 kommentar: