søndag 13. mai 2012

Sykling - i vind og blåst!

Det nærmar seg slutten av mai - og årets store styrkeprøve. Me skal sykle frå Hirtshals til Skagen, til Fredrikshavn og tilbake til Hirtshals igjen. Sjølvsagt har me bestilt nydeleg ver heile tida, saman med overnattinga. Men me veit vel inners inne at Danmark er omtrent like flat og vindfull som Jæren. I dag har eg sykla til mora mi på Sandnes. Bortturen var fin - i medvind og opphaldsver. Heimturen var verre; skikkelig motvind og pøsregn av den stikkandes sorten. Eg måtte stå og sykle over Voll-sletta. Men det gjer sikkert godt - og er sikkert god forberedelse om veret blir litt mindre nydelig. Vel heime var eg blaut og våt i skorne, men ellers god og varm. Jammen godt med ein god dusj då!

Vel heime!

Briller er ein utfordring i regn...

Ikkje akkurat Gore-tex.
Arva av "Guro midt-i-mellom"
- og nesten utslitt.

3 kommentarer:

  1. Eg foreslår at du får deg svømmebriller med styrke i, til sykling i regnvær og under vann.

    SvarSlett
    Svar
    1. God ide! Eg kan begynna å spara-:)

      Slett
  2. .. ein god caps under hjelmen kan vera godt å ha når det regnar. Men, det trengs nok ikkje på Danmarksturen - her blir det berre sol og atter SOL!!

    Tormod - reiseleiar

    SvarSlett