søndag 13. mai 2012

Blått er flott!

Her ein dag selde eg nokre oppvaskklutar! Kjekt når andre sett pris på det eg lagar. Det blir som ein ekstrabonus. Og sjølv om eg har mykje garn som ligg i kø og ventar på å bli til fine lekre og nyttige ting, er det vanskeleg å ikkje skaffe seg endå meir nydeleg garn. Denne gong blei det garnbutikken på Bryne som fekk eit besøk - her er utruleg mykje nydeleg garn. Og ein prat med "Anny strikkedame" er heller ikkje å forakte! Denne gong kjøpte eg Rowan felted tweed - til ein artig jumper til meg med hus og folk på! Om eg treng fleire nye jumprar? Sikker ikkje, men eg finn jo stadig nye spennandes oppskrifter som bare prøvast ut! Og uvanen min er at eg bare begynna på nye nøster, slik at andre prosjekter tar litt lenger tid. Jaja - det gjer egentlig ikkje så mykje. Sykkelen er i rute - eg har fleire remser klar til påsying, det gule gladteppe har eg komt halvvegs på, og aran-genseren nærmar seg slutten!  Ting tar tid - men ting kan plutseleg ha ein ende og!

Nytt flott garn.

Sånn skal jumperen bli!

1 kommentar: