tirsdag 19. mai 2015

Turliv i Italia.

Me er heime igjen - i kulden! Det var utruleg deilig med ei varm veke  på denne tida av året. Heime er det 4 - 6 grader kvar dag, med regn og hagl innimellom. Å komme ner i varmen til 20 - 25 grader - det var utruleg godt! Mange inntrykk, fine små landsbyar, flott leilighet, gode venner på tur, mange spennandes stiar, togkjøring, gode middagar, knekkebrød med jordbær og philadelfia, bad i Middelhavet, turistar, støvete joggesko, sitrontre, firfirsler, solbriller, frukost på terrassen, og til og med litt regn ein føremiddag...... Me hadde mange fine opplevelsar. 

Me budde i ein liten by som heite Levanto. Her hadde me funne ein fin leilighet, som passte for 4. God plass og med ein flott takterrasse utanfor. Fleire dagar tok me turar ut frå her. Eit lite stykke med toget, og så ut å gå. Desse 5 fiskerlandsbyane som kallas Chinque Terra hadde mykje sjarmerandes å by på. Mellom byane gjekk diverse stiar med ulik vanskegrad. Dei blåe løypene var enklast og nærmast sjøen. Lenger oppe i åsane var der raude løyper som var meir krevandes.  Enkelte av strekka me hadde tenkt å gå, var stengte pga rasfare. Men det var det ingen informasjon om. Ikkje før me hadde kjøpt billettar for å gå på stiane. Då sa dei tilfeldigvis at det hadde vore stengt dei siste 5 åra! Litt utkrøpent - spør du meg. Men dei fekk iallefall seldt nokre billettar! Men dei raude løypene var heilt fine å gå på, sikkert bare litt lenger og brattare. Men for slike "norske fjellgeiter" som oss, gjekk det fint! Me fekk til 4 gåturar, ein dag på bytur til Lucca og litt tid med avslapping og soling i området rundt Levanto. Nå kan me sortere bilder og inntrykk og telle opp kor mange turar det vart denne veka!
Flotte sitrusfrukter
Herlig med stor eigen terasse.

Flaskekost-blomt!
Nå veit me kor dei dyrkar flaskekostar!
Tur nr. 24:
Me tok toget til Manarola, som var den nest sørligaste byen. Her gjekk med nordover til Corniglia. Me fekk ikkje målt kor langt me gjekk, ville ikkje bruke mobilnett og strøm. Men det var ein tur på nesten 3 timar. Mykje stigning oppover i starten, og bratt ner igjen i andre enden. Utruleg sjarmerandes stiar, mellom terrassar der dei dyrka litt grønnsaker, vinranker, sitroner og mange fine blomster!


Hit men ikkje lenger!
Her var den blåe ruta stengt!


Corniglia

Flott utsikt over bratte bakkar.


Tur nr. 25:
Denne gjekk frå Vernazza til Monterosso. Dette var den einaste blåe ruta som var åpen. Her var det enormt med folk, så her vart det mykje køgåing. Men flott tur det og, bratt opp, flatt på midten og bratt ner igjen.  Og eit nydeleg bad i Middelhavet etterpå.

Smale gater og trange smau.

Kø-gåing på smale stiar.
Vernazza

Snart framme i Monterosso.




Tur nr. 26:
Frå Levanto gjekk der ein sykkeltrassè på ein gammal jernbanestrekning til neste by nordover som heite Bonassola. Denne var asfaltert og gjekk gjennom mange tunellar. I Bonassola fann me ein koseleg isbar med nydelege fristelsar. Heimvegen tok me over klippene. Spennandes tur.
Beine vegen.

Nam-nam
 Tur nr. 27:
Den siste turen tok me frå byen vår, Levanto til den første Chinque Terra-byane - Monterosso. Også her var det ganske mykje stigning i starten, litt flatare på midten og bratt ner igjen i slutten. Ein flott tur dette og, som vart avslutta med eit nydeleg bad i havet! Flott kombinasjon.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar