søndag 31. mai 2015

Strandtur - til Jæren Rev.

I dag vart det ut på tur (tur nr.31) igjen - for endeleg vart det ein sundag med fint ver, gode turvenner og god tid. Me stoppte på Reve havn sist tur, så nå var det her me måtte starte. I dag greide me å parkere ein bil i kvar ende av strekningen me skulle gå, så slapp me å gå tilbake. Så kunne me gå med sola i fjeset heile turen. Me gjekk forbi Revtangen, her var det så forferdelig å bu i gamle dagar, at dei slapp å betale skatt. Mange skip gjekk på grunn utforbi her, og folk levde godt av vrakgods og redningslønn. Nå er det ein fin, men forblåst plass.

Strandnellikane er ekstra flotte akkurat nå.

 Men me fann oss ein lun solplass, for me måtte jo ha ein matpause. Denne gong var det rektig godsaker me hadde pakka med oss. Kakerestar frå fin bursdagsfeiring i helga (Ja, eg er blitt 52 år!), gjekk ner på høykant. Me hadde både tallerknar og skeier med, me mangla bare stettglassa :-). Me kaffien vart servert i trekoppar av turkammerat Tormod. Terrenget gjorde ein knekk her på Revtangen, og det vart mykje meir vind nedover Orrestranda. Eit helikopter svirra over hovudene våre, me vinka det me kunne. Sykkelrittet Tour de Fjords gjekk forbi oppe på vegen, så det var derfor dei var der. Så kanskje såg du oss på tv, eller kanskje det var kitarane like ved som fanga oppmerksomheten deira mest?

Ein god gjeng!
Damene er lilla og mennene raude.
Sånn er det alltid på tur!

Nam-nam

Kakefest på stranda!

Eit gammalt seilingsmerke frå 1870.
Det gamle var utslitt og vart erstatta med dette nye.

Ei stilig hytte på Orre.
Det ser ut som ho er sege ner på midten,
men det var nok bare synsbedrag!
Hytta er nok bygd slik!
Me stansa ved Orre gamle kyrkje.
 Det er den eldste bygningen  på Jæren,
bygd i 1250.



Vel heime fann me og litt sol på terrassen.
Då var det godt med ein middagskvil.

 Ein flott tur på 7 km og 2,5 timar ute - med kakepause!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar