tirsdag 15. mai 2012

Garn til frukost!

Morgonstrikket er avslutta. Trådane festa, og armane sydd i. Kvar morgon startar eg dagen med ei roleg stund på kjøkkenet - ofte har dei andre gått avgårde før meg, og då er det jo kjedeleg å bare sitte der og tygge maten sin. Eg er litt dårleg til å bare sitte i ro å gjere ingenting, også når eg et. Så eit strikketøyet er ein fast del av ein god frukost! Nå er aran-genseren ferdig. Mønsteret har eg "kopiert" frå" Guro-midt-i-mellom" sin kjøpegenser. Syns flettene var fine og artige! Kjekk å strikke, skal bli god å ha ein sein kveldsstund i sommar på terrassen!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar