onsdag 30. mai 2012

Ein fin dag!

Kvart år kjem me til ein fin dag i slutten av mai. Då eg var liten syns eg det var stas å feire bursdagen min. Nå når eg er eldre, har eg ikkje vore så glad i å feire meg sjølv. Eg likar veldig godt å stelle i stand selskap for dei andre i familien. Eg er glad i å innvitere til fest - for andre! Men til meg sjølv? Ikkje like enkelt!  Kanskje det er janteloven som ligg og lurer.... Men allikevel er det utruleg kjekt å få besøk på min dag, få mange flotte meldingar på mobilen, pakke i posten, og nydelege blomster og presangar! Eg er heldig som har ein flott familie og mange gode venner å feire i lag med!
Så frå nå av:
Eg skal nyte og feire kvar bursdag,
ikkje bare min eigen, men den og!
Frå ein fin og gul sykkeltur-dag!
Pakke i posten frå den nybakte geografen -
med kart som innpakningspapir!

Dette var innholdet
- eit  kreativt strikkebilde til "strikke-bula" mi!

Nydelege sommarkoppar frå minstejenta -
+ frysaren full av pizzabollar til selskapsmat!
Tusen takk!

Kjempeflotte glass og spennandes bok - frå Guro!
Gler meg til lesing på stranda!

Nydelege roser frå gubben
+ pengar til ei stor hylle til  "Rommet"

I år fant eg mange liljekonvallar i hagen!
Kjekt å pynte bordet med.
Fantastisk!

1 kommentar:

  1. Kjekt du feirte bursdagen din Tone, og takk for koseleg selskap:) Liv Oddny

    SvarSlett