søndag 20. mai 2012

17.mai - og hyttehelg.

I år var 17.mai ein av dei suraste dagane på lenge! Pøsregn, 6 grader og  mykje vind. Ikkje kjekt å vere ute å lufte finstasen - med andre ord. Så i år laga med 17.lunsj - for dei i slekta som ville ha! Heldigvis var det nokon. Eit koseleg måltid - då gjorde det ikkje noko om regnet ausa ner - før me pakka sakene våre og drog til hytta! Herleg! På Randøy skin "alltid" sola - iallefall vart det flott ver så og seie heile resten av helga! Gode dagar - med tur, strikk, sykkeltur (på dei gamle"jernhestane" våre),  shopingtur til Hjelmeland, hagearbeid for gubben - og spraymaling av gamle korgstolar som egentleg var klare for St.Hans-bålet. Nå varar dei ei stund til! 

Kjekt å finne blomster i hagen!

Fine 17.mai-smil.

Besøk av "Gubbe-broren" - med svigerfars russe-slips!
Ganske flott!

God gjeng - som kosar seg med blant anna aspikk.
Ein undervurdert rett!
På hytta blomstra denne! Ganske fantastisk!

Strikk og kaffi = god frukost.
Og så Ni-timen.
Den likar Gubben å høyre!

Me gjekk tur langs berga i sjøkanten.
Masse flotte strandnellikar!
 
Nydelig farge - og eit nytt bord.
Gubben har laga det av ei båttilje!

Godt i solveggen - med det solglade teppet!

Kjekt å gå på tur i lag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar