søndag 14. februar 2016

Båtryer

Eg er ferdig med båtryene. Nr.1 har tatt lang tid, eg hadde ein kjempelang pause midt i. Nr.2 vart unnagjort på 3 veker. Eg har brukt tjukt garn som Fritidsgarn og liknandes, og pinne nr. 5,5. Mange halve nøster er oppbrukt, mange ulike fargar, men det meste i jordfargar. Strikketøyet vart stort etterkvart, og eg fekk litt tendensar til vondt i armane. Godt å vere ferdig. Eg har strikka snorer til å knytte ryene saman med, slik at dei blir lettare å ta med.

Nå kan me gleda oss til sommaren, pakka sekken og dra på oppdagelsestur med gamle Malene. Me skal iallefall ikkje fryse.

Nr.2 er ferdig.
Gubben sin fekk blått og grønt
blant alle jordfargane.

Mange meter tråd er oppbrukt.
Eg har brukt opp over 1 kg garn på kvar.
Tommare i restekorga!

Nokre ruter måtte ha striper.
Eg hadde ikkje nok garn i ein farge.

Fine snorer


Klare for ut på tur!

4 kommentarer:

  1. Knallfine Tone og ein goé ide.

    SvarSlett
  2. Imponerende arbeid! Skjønner godt at dette ble tungt på slutten.
    Du fortjener virkelig å få det romsligere i garnlageret.
    Da er det bare å vente på sommeren.....

    Ønsker deg ei fin februar-uke her fra vinteren. Det ble morsdag på ski. 18 minus nå i kveld, 22 i morges.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk fir det. Her er det vinterferie denne veka, og eit deilig avbrekk frå kvardagen! Godt å kose seg heime mens Gubben er på jobb. Kan bli både tur og strikking då!

      Slett