søndag 21. november 2010

Veke 45.

Då var eg klar igjen, det er sundagskveld - og tid for oppdatering. Me har akkurat komt heim frå mor sin 82-års-dag. Kjekt med eit selskap i mørketida! Me er heldige som har ein stor familie å vere i lag med, med både tanter og onklar og syskenbarn!
Veka har som vanleg vore innholdsrik - med store og små opplevingar. Eit av høgdepunkta var nok Åpningssermonien på Vågen, skulen til Maren, med eit hav av forestillingar samtidig. Kjekt å sjå ein ny, flott skule. Ellers kan nemnast: 5 trimøkter denne veka og, Ikeatur med baderoms-kjøp, husgruppe i lag med gode venner, julemesse med fiskedam for dei små, besøk av kjempegode venner på lørdagskvelden!
Så - ta ein titt!

Måndag 15.november
 Kjekk julebok i posten!
Her måtte pinnar og nøster i sving med det same.

Tysdag 16.november
Innpakking av småpakkar
til julemessa.
Vår forening har ansvar for fiskedam!

Onsdag 17.november
 Luksus i kvardagen:
Morgentur på stranda!
Nydelig soloppgang.

Torsdag 18.november
 Kjekt blad i postkassen.
Mange gode juletips.

Fredag 19.november
 Kjempeflott konsert med Herborg Kråkevik
- eller kråkebolla som ho kalla seg som barn!

Lørdag 20.november
 Terje la fliser på badet -
men havna dessverre inne i eit hjørne.
Me får ta han ut til neste helg!

Sundag 21.november
 Tur på Borestraen
- ein stille sundag uten bølger!
Ein ny koffert flytta inn til oss!
Eg vant den på julemessa!
Fantastisk - eg som vanligvis ikkje har vinnerlykke!
Nå må me ut på tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar