søndag 14. november 2010

Veke 45.

Veka er over - det er sundag kveld. Det er på tide med eit tilbakeblikk over ting og tang i veka som gjekk. Ei travel veke har det vore, med både ekstra jobbing (eg har vore vikar for meg sjølv!), 14 foreldresamtalar,  komitemøte, trim, legebesøk (nå er eg oppe i 60% stilling), årets fyrste julekakebaking( til julemessa neste helg), og besøk av Matilde i helga.

Måndag 8.november
 Osteskjever til kvelds.
Kjekt med ungdommar i huset.

Tysdag 9.november
 Fine haustfargar i hagen.

Onsdag 10.november
 Tilbud på roser på Mega. 
3 pakkar for 69 kr.
Kjekt!

Torsdag 11.november
 Årets fyrste strikka julekule!
Blir det fleire tru?

Fredag 12.november
 Bakekveld med misjonsforeningen.
Julekaker som skal selgast på julemessa neste helg:
Me unngjekk brannalarmen med eit nødskrik!

Lørdag 13.november
 Tur frå hengebrua på Bore til Sola kommune.
Godt å gå litt.
 Må ha med eit bilde til:
Regnbuen pynta flott opp på himmelen.

Sundag 14.november
Islandsstrikketøyet aukar.
Ny varm jakke er under arbeid -
eg er snart klar for nok ein kald vinter!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar