torsdag 11. november 2010

Hausttur til Ulsteinvik!

Då var me tilbake frå ei koseleg helg på Sunnmøre. Det har blitt ein god tradisjon det å ha ei systerhelg på hausten. I år var det fyrsta helga i november me drog avgårde. Veret var til og med fint denne gongen, iallefall mens me flaug. Etterpå kom snøen!
Helga blei akkurat så koselig og kjekk som me trudde, med strikketøy, kaffikos, god prat, handletur i både Ålesund, Ørstad og Volda og gode måltid. Gåtur på Gamleeide og langs sjøen på Flø gjorde og godt! Innimellom blei me varta opp av Jorunn - og Per Ove (som og koste seg med damebesøk!) Sundag flaug me om Oslo. Pga forsinkelsar nådde me såvidt Stavangerflyet- for det var og forsinka. Så me var omtrent 4 min i Oslo denne gongen! Fort gjort.
Takk for ei fin helg - systrene mine!
 På kafe i Ålesund.
 Laurdags morgon. Snø ute.
 Frukosttid!
 På handletur i Volda.
 På kafe i Ørsta.
Hos "Fru Sivertsen"
 
 Flott Sunnmørs-kveldssol.
 Sundag gjekk me på tur på Flø.
Her står storhavet på.
 Systrene på tur!
Godt med gode, varme kler.
 Så kom det snøbyger.
Men me gjer oss ikkje så lett!
Sol og snø og fjell.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar