søndag 8. desember 2013

Juleførebuingar.

Det er snart jul, og då har me jo mange ting me bruker å stelle til. Baking, pakkar, julekort..... Men ofta blir det litt mykje av alt, særleg kaker. Eg har ei julebok der eg noterer ned kva som skal huskast til neste år. Der står det ofta "for mykje kaker".  I år har eg tatt julebaksten i lag med Siri "Syklist". Halve arbeidet, dobla kakedeigar, fulle kakeboksar for oss begge - og mykje koseligare. Så får me sjå, om det er akkurat passe mengde,  eller nok til arbeidskollegane til Gubben på nyåret. I tilleg har me holdt vedlike tradisjonen om lefsebaking før jul. I år vart den for 3 generasjonar, sidan Eldstejenta var med i staden for tanta!
Tidlegare var eg og flink å lage mange julegåver, men det har visst minka med åra. Nå gjer me ikkje presangar til alle tantebarna lenger, for dei er blitt vaksne. Det var ofta dei som fekk noko heimelaga. Men jul skal det bli, med julepynten som er samla opp gjennom åra, både englar og litt nissar, men og med god tid for gode samvær og god mat. Men ennå har me advent her i huset. Eg gler meg, for alle jentene våre kjem heim til oss på julekvelden.

Storproduksjon.
Heldigvis skulle me dele!

Bordstabels.
Fine å stable - sjølv om ikkje alle var like fine og beine.



Ute blei det fin vinter.
Men dessverre har det allereie regna vekk.

Lefse-sjefen står for steikinga.

Kjekt å gjere noko ilag ,
gammal og ung.

Me fekk det til år og

Prøvesmaking må til.
Mor hadde plukka inn siste rosa frå hagen denne veka!
Litt utruleg.

Litt julestemning på ytterdøra.
Laga av Marit på Voll juletregard.


3 kommentarer:

  1. Jul er tid for tradisjoner, og det er viktig la de yngre få lære av de eldre. Det er trivelig å gjøre noe sammen samtidig som verdifull kunnskap blir videreført.
    Fortsatt fin adventstid!

    Klem

    SvarSlett
  2. Det såg ut til å vera ei koseleg veke, med mykje god julebakst. Ekstra koseleg når ein kan laga litt miljø rundt førebuingane, med å vera fleire i lag som baker, anten det er veninne eller "generasjonsbaking". Me gler oss til den årlege tradisjonen neste helg. God klem frå Liv O.

    SvarSlett
  3. Mhhh det ser ut veldig godt. Og hyggelig naturlig med arbeit men moro er dertil.
    Jeg hadde bakt med barnebarn og stor lykke med hvit prakt denne helgen. Vi var alle sammen og det var veldig fint.
    Vi brukker ikke bake sju slag... men jeg baker mye uansett :-) derfor jeg ser dine julkjeks og lefse veldig veldig gjerne og med morskap. Ha en fin adventuke. Hilsen kommen til deg fra Viola.

    SvarSlett