tirsdag 26. november 2013

Ut på tur igjen!

November har dette året vore fullt av kjekke helger ut på tur! Denne gongen var det Vestlandet som skulle utforskast. Riktignok har me kjørt vegen ein god del gonger før, men me har nok aldri lagt ut på tur så seint på året. Gode varme kler, kledd for uforusette stopp langs vegen, godt og varmt strikketøy, god mat og kaffi, og lydbøker, vart nerpakka, + full bil med ting som veslejenta trengte på folkehøgskulen. Det var nemleg dit me skulle. Lampe, skor, garn, adventskalender, fine kjolar..... + nokre overraskelsar. Me hadde ei flott helg, kjøreturen gjekk fint, sjølv om det vart ein del snø på vegen. Flott program på familiedagen på Nordfjord, med rotur på fjorden, nydelig soppsuppe i gapahuken, revy, foreldremøte, festmiddag, koseleg prat med nye venner, skulekor og tale av rektor. Flotte innslag. Og god tid til å strikke langs vegen. Med to kjøretura på 9 timar kvar - eg fekk strikka mange lappar på "Nuten". Og me tok oss og tid til å gå innom Hillesvåg Ullvarefabrikk. "Eg skal ikkje kjøpe noko!" lovte eg Gubben. Men me fann mønster på "Terjegenseren" - og den måtte me bare kjøpe med oss. Med garn. Gubben heiter nemleg Terje. Dette var ein fin rogenser - og passa utruleg fint til Terje Romann. Men eg holdt løftet mitt, det var ikkje eg, men Gubben som kjøpte garn denne gong! Men eg kan godt vere behjelpeleg med strikkinga.


I ferjekø - ein tidleg fredags morgon.
Flott veiviser!

Eit stort utendørs strikketøy  pynta fint opp
ved Hillesvåg ullvarefabrikk
.
Flott pynt.
Koselig mønster.

Ikkje like lett å velge fargar!

Så var me framme på Nordfjord
- hos ei glad Veslejente!

Flotte båtar som me skulle få prøve.

Plass til mange oppi.

Nesten "Brudeferden i Hardanger."
Eller "Foreldreferden i Nordfjorden"


Kjekt å vere på tur i lag.

Det kom ein del snø om natta.


Klar ferdig start!
Fekk lyst å begynne med ein gong.


Julestemning utfor hotellet.

Godt med ein kvil - og eit strikketøy som kan tas i bruk før det er ferdig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar