lørdag 30. november 2013

Toppstart og nedoverstrikk

Danskegarnet er satt i produksjon. Eg måtte til og med kjøpe nye pinnar i København for å starta strikkinga mens me var der. Etter å ha auka ut så mykje som eg skulle, til nærmare 400 maskar, syns eg det såg litt stort ut. Då må det alltid prøvast på. Og jammen var det stort. Så då var det ikkje anna å gjere enn å rekke opp og begynne på ny...... Ganske kjedeleg i grunnen, men ennå kjedelegare å fullføre noko som ikkje ser heilt perfekt ut.  Så nå er eg i gang igjen, i ein størrelse mindre. Eg håpar det ser bedre ut denne gong. Eit skritt fram og to tilbake.

Så langt, men ikkje lenger.

På an igjen.

Ny start.

Det gjekk nå ganske fort å strikke det om igjen.
Spennandes å sjå korleis stripene blir etterkvart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar