søndag 17. november 2013

November - og byliv og strikking .

Tida raser mot jul! Me er allereie lang uti november. Eg har ein intensjon om å gje eit lite livsteikn frå meg kvar veke, men nå var det jammen gått lenger tid. Men betre seint enn aldri.
Eg har vore ute på tur igjen! Denne gong blei det jentetur til København. Det var veldig kjekt. Sykkelkollega Siri var godt reisefølge. To ekstra fridagar i november måtte bare benyttast. Mange kjekke butikkar, garnhandling, dansk lunsj med smørrebrød, rusletur til Nyhavn, litt julegåvehandling, middag på indisk restaurant, koselege strikke- og samtaletider på hotellrommet, og ikkje minst - julemarked i Tivoli. Det var eit syn! Utrulege mengdar lys  pynta opp overalt! Mange koseleg boder med ulike varer, og tilslutt gløgg og "æbleskiver" - som slett ikkje hadde noko med epler å gjere, men som var det me kallar munkar! Og me som trudde me fekk eplebiter oppi gløggen! Jaja, språket er ikkje alltid lett, me blei faktisk bedt om å sei ting på engelsk:-) Uansett - me hadde ei flott helg, og nå kan eg glede meg over fint dansk garn. Måtte kjøpe strikkepinner og for å komme igang med det samme.

Ullknappar.

Flotte roser

Frå Nyhavn
Nydeleg garn - og spennandes bok.

Måtte bare begynne på dette prosjektet.
Minte litt om eit nytt sytråd-strikk.

Sånn skal det bli - bare i blåe, lilla og turkise fargar!
Og eg skal få meg ny lue etterkvart!
Legg merke til erta!
Denne blir tøff!
Utruleg stemningsfullt å gå her om kvelden!
Det kan anbefalast!

Damene på tur!
Koseleg pynta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar