søndag 28. april 2013

Ei lysanedes framtid!

Årets mest ufornuftige prosjekt er over! "Du er ganske sprø!" sa systera mi ein dag! Og det er kanskje sant. Men innimellom er det litt herleg å gjere noko som ikkje er forventa, og litt artig å få mange ulike reaksjonar. Prosjektet som eg starta i slutten av februar er avslutta, og i restegarnskorga mi er det blitt betre plass. Nesten 5 meter er oppstrikka, i glattstrikk. Det meste går i blåe og grønnlige fargar, men innimellom finn me litt brunt og grått og sånn, måtte jo bruke opp dei restenøstene og! "Slangen" har vore ferdig ei lita stund,  i påvente av fint ver og god tid - og i går var begge desse to tinga til stades. Nydeleg ver på ein lørdag - det passa fint. Så då var det bare å rigge seg til ute, med stoppenål, saks i ein tråd rundt halsen, campingsstol, kamera på sjølvutløysar og gode vindtette kler. Litt kaldt å stå i ro på samme plassen i mange timar! Naboane lurte litt på kva i alle dager eg held på med, og eg fekk fleire koselege samtalar i løpet av dagen. Ein god  innfallsvinkel til ein god prat! Eg lurte litt på korleis eg skulle få opp den siste delen, men eg sydde alt på stolpen først, før eg skudde remsa oppover. Tilslutt var Gubben komen heim frå kyrkjedugnaden, så  han tok stigen og klatra til topps og retta ut alle skrukkene. Restegarnskorga vart ikkje tom - nå må nye sprøe prosjekt klekkast ut.

Klar, ferdig, SY!

Greit med ein stol i starten.

I gang......

Her går det unna.


"Sokkaseg"!


Oppå denne steinen vart eg ståandes lenge.


Natuleg trådhaldar - slik at dei ikkje fauk vekk i vinden.
Sjølv om det var eit "tøyseprosjekt" der det ikkje var
så nøye med festing av trådar og slikt:
Eg likar at ting er skikkeleg, alle trådar er nydeleg festa!

Hit, men ikkje lenger.
Det var det høgaste eg greide å skubbe "sokken".

Skikkeleg fasongstrikk.
Må ha god passform til ein stolpe og.

Dagens  knestrømper stod i stil.

Nesten ferdig - sjå kor fint strømpene mine matchar!

Gubbehjelp.
Eg haldt stigen.

Lett å finne mitt hus nå - eg bur der med den strikka stolpen!

Nå er eg spent på smitteeffekten -
tar nokon utfordringen  om ein eigen strikka stolpe?

Etterpå blei det tid til ein tur til hagesenteret.
Herleg å pynte med litt blomar igjen!
Og ja - blått er verkeleg min farge.

12 kommentarer:

  1. Fantastisk Tone! Du er bare knall goe. Det vart kjempe tøft og fint. Eg kjem bort og ser ein ettermiddag. Klem

    SvarSlett
  2. Det er helt utrolig stilig. Jeg er nesten målløs !!!! Fantastisk!! D

    SvarSlett
  3. Snakk om å lyse opp i tilværelsen! :)
    Likte bloggen din veldig godt,
    så dermed MÅTTE jeg bare legge meg til som følger:)
    Ha en fin søndag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Velkommen som ny lesar! Kjekt du likte bloggen. Håpar du titter innom av og til. God søndag til deg og!

      Slett
  4. Litt av et prosjekt! Originalt og fint! Godt gjort å komme på å gjøre det!
    Lett å skjønne at det bor ei strikkedame her. Fargene er også veldig fine sammen.

    Ha en strålende søndag!

    Klem

    SvarSlett
  5. Haha! Ja det var ett kjekt restegarns projekt! =D Har veldig lys til å gjøre det samme selv, men her er det dårlig med nærtliggende lyktestolper...

    SvarSlett
  6. Morsomt! Fargene stod fint til huset ditt, men det var kanskje planlagt :):)

    SvarSlett
  7. Fantastisk flott lyktestolpe du har strikka, og den stod nydeleg til huset!!
    Kom tilfeldig over bloggen din. Koseleg å lesa frå turar til Hjelmeland, min heimplass ;)
    Kjem nok til å fylgja deg framover.

    SvarSlett
  8. Åj, så fin lyktestolpen ble! Den er nok den fineste i mils omkrets, kan jeg tenke meg :) Gøy med sånne prosjekter!

    SvarSlett
  9. Imponerende lang slange, og med ordentlig festede tråder:)

    Morsomt prosjekt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Eg har fått utruleg mykje respons på prosjektet, i alle fall. "Koffert gjor du det?" seier ungane. Tja, ikkje like lett å svare på:-)

      Slett