fredag 21. oktober 2016

Premie i posten!

Eg var utruleg heldig her om dagen! Eg vakna opp til ein koselig melding frå Vottelauget om at dei hadde trukket ut bilde mitt - det med stolen og strikketøyet - som ein av vinnarane på Instagram i anledning Vottedagen. Og premien var både e-boka "Tusen og ein skatt" og 4 nydelige hesplar med plantefarga garn! Det blei dagens gladmelding! Og her om dagen var garnet på plass i postkassen - og boka i biblioteket på Ravelry. Det var veldig kjekt! Nå må eg bestemme meg kva vottepar det flotte haustgarnet skal få bli til. Trur jammen eg må ha dette sjølv... Det kan bli vanskelig å velje, det er så utruleg mange flotte mønster der ute. Men først må eg ha garnet litt til pynt i stova, det passa så godt nå om hausten.

Fantastiske fargar

Flott garn og koselig kort.
Til og med Tordis har forstått kor viktig ein bunt garn er.
Den må kosast med og behandlast med respekt!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer! Jeg gleder meg med deg! Nydelig garn! Gleder meg til å se hva du strikker. Godt du lærer opp nye generasjoner til å sette pris på garn. Fin lita jente!

    God helg fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Gratulerer! Det flotte bilde var verdt ein premie! Me hjelmelandsbuar er jo kry over stolen vår, og det var ein kjempeidè med ei strikkestund der ;)

    SvarSlett