fredag 2. januar 2015

Vareopptelling

Det er vanleg med ein liten opptelling av varebeholdningen når ein rundar eit nytt år. I allefall i store bedrifter. Kammerset mitt kjem kanskje ikkje inn under den kategorien? Men kor mykje varer - eller garnnøster - har eg eigentleg liggandes?

Her kjem ein liten oversikt:

1. Tjukt bommulsgarn
slik som Mandarin, Petunia, Cotton Time...
1,05 kg

2. Tynt bommulsgarn
slik som Mandarin petit, Anna & Claras bomullsgarn, Gjesdal Bomull sport
1,50 kg
 3. Islandsgarn, Lett Lopi
1 kg

4. Finull garn / PT 2
1,75 kg

5. Alpakka
0,75

6.Middels tjukt ullgarn
slik som Smart, Per Gynt, Vestlandsgarn
1,75 kg

7. Tynt ullgarn
slik som Lanett, babyull, Silja
2,05 kg

8. Sokkegarn
1,05 kg

9. Kauni
0,6 kg

10. Tjukt ullgarn
slik som Fritidsgarn, naturgarn...
3,70 kg
Ennå var her mykje igjen (to store dunkar under benken.... ), eg orka ikkje vege opp meir. Men greier eg å minske noko av dette skal eg vere fornøyd. Då kan det bli mykje oppsparte midler i krukka mi. Må kanskje kjøpe safe for å sikre verdiane!

2 kommentarer:

  1. Så mye fint garn! Jeg orker ikke veie, men gleder meg over hvert nøste.Morsom og nyttig hobby. Vi kunne rota
    på med så mye annet-. Dette er sunne verdier å holde fast på.
    Jeg har starta det nye året med lungebetennelse. Begynte med penicillin i dag. Håper forma er stigende i morgen. Når jeg ikke orker å strikke, er jeg syk.

    Godt nytt år fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Takk for koselig melding. Ja vi kunne jammen ha sulla vekk mykje tid. Kjekt og nytting med eit strikketøy!
    God bedring til deg - håpar strikkeformen kjem seg fort igjen. Og eg er enig - orker me ikkje strikke, ja då er ein skikkeleg sjuk.
    Toneklem

    SvarSlett