søndag 26. januar 2014

Ein fin sundag.

Godt med ein sundag innimellom. Det er kviledag her i huset. Og jammen kjennest det godt etter takmalinga i går. Tar på nakke og armar med slikt arbeid. Så idag pakka me pikknikk-korga og drog på tur innover Ryfylke - for å sjå om hytta hadde det fint og at ingen store trer var blåst ner i stormane. Lite bilar på vegen, Gubben som sjåfør - og eg  kunne kose meg med strikketøyet. Herlig. Mykje vind i dag og - og kaldt i hytta. Med fyr på peisen og god nistepakke, og tid for ein tur i skogen og over kulturbeiter. Godt å få varmen igjen. Så var det å kjøre heim i blåsten igjen. Kunne godt hatt ei helg på hytta igjen, kjenner me. Alltid godt å komma inn og finne roen og freden. Me gler oss til sesongen startar igjen. Og bilstrikk denne gongen: kvit ribbejumper med variasjonar frå Anette Danielsen i lin og alpakkaull. Nå er ryggen ferdig, og eg har starta på framstykket! Kjekt å strikke.

Langs eit av vatna slo store bølger
 inn og laga flotte isskulpturar i strandkanten
.
Utruleg flott.

God niste framføre ovnen.
Godt med lue på!
 
Terje-genseren passte godt
på ein blåsbortdag som denne.

Hytte-naboen er visst og glad i å strikke.

Allereie vår?
Naboen hadde fullt av tusenfryd i plenen.

Ut på tur! Aldri sur.
Ein liten kvil.
Godt med varme kler.

Vinter-trer.

Gamle steingardar.
Minner frå gammal tid.
Korleis såg her ut før, tru?


Ribbestrikk med variasjonar.

Felle litt her,
og auke litt der = fin struktur.

3 kommentarer:

  1. Spennende strikketøy og koselige bilder fra søndagsturen! Riktig fin den lua og halsen din!

    God, ny uke til deg!

    Klem fra Ingunn som har en meter snø rundt "novene".

    SvarSlett
  2. Flotte bilder!
    Tormod

    SvarSlett