onsdag 5. februar 2014

Bestillingsverk og produksjonsstans.

Januar har på strikkefronten vore prega av å gjere ferdig påbegynte arbeid. Eg syns eg låg godt an, og hadde fleire arbeid som er nærma seg slutten. Men så vart det plutseleg produksjonsstans. Eg fekk nemleg ein telefon frå Veslejenta: "Mor, har du lyst å strikka ein shorts til meg som eg kan bruke nå i vinter?" Kven kan stå imot slike fine spørsmål? Når du veit Veslejenta ligg ute i både telt og snøholer, så er det kjekt og meingsfylt å strikke eit godt, varmt plagg! Så då var det fram med ein strikkepose frå Kammeset, pinnar og ei mønsterbok - og eit nytt strikketøy er påbegynt. Fort gjort! I allafall å begynna. Dei andre strikketøya får kvila litt, det er jo litt viktig å ikkje ha dette som eit langtidsprosjekt, då kjem plutseleg våren og varmare tider. Maledagane er ikkje over ennå, men innimellom må eg jo strikke litt. Eg bare må. Så når februar er over, er kanskje strikkekorga mi tommare! Time will show! Viss ikkje, så kjem mars med mange fine strikkedagar, kanskje i solveggen og?

Kjekt å finna fram ein pose med fint garn.

I gang - med skyggar på bildet!

Går litt raskt og, særleg om ein titterpå TV samtidig.

Danskejakken veks og - 1.arm er snart ferdig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar