lørdag 30. november 2013

Litt for mykje i strikkekorga......

Eg er litt håplaus. Eg likar så godt å ha mange strikketøy på ein gong, men samtidig stressar det meg litt. I allefall når dei er litt omfattandes. Men det er veldig greit å ha litt forskjellige spøt, sånn at dei passar for ulike settingar. Ofte har eg ein plan om at nå skal alt bli ferdig før eg startar på noko nytt. Men det held ikkje lenge. Det er noko magisk med nye nøster i flotte inspirerandes fargar. Må, bare må begynne. Men kanskje eg greier det denne gong. Nå har eg nemleg to domino-tepper, 1 jumper til Gubben, 2 jakkar til meg, samt 1 jumper eg rekker litt opp på og strikkar litt  nytt på, og ein jakke som eg vil ha nytt bakstykke på..... litt vel mykje. Dessutan finn eg nok eit sjal og ein hals og ei nisselue og i bånn av korga. For ikkje å snakke om dei fine nøstene som ligg på vent på Kammerset. Det er snart nytt år - kanskje strikkekorga mi er tom til den tid. Det gjer nye muligheter til å nye kjekke prosjekter.
Eg har begynt på den 1.armen.
Så det går nå framover.

Denne har eg brukt ei stund. Men eg var ikkje heilt fornøyd med fasongen.
Likte ikkje når den var innsvingt og litt vid i nedre kant.
Då må eg gjere noko med det....

Skal bli sjal med lilla kantar på.
Er over halvvegs.....

Ein god og varm hals - nydelige fargar!
Litt vondt å strikke av slikt buclè-garn.

Terje-genseren!
Dette går unna!
Kjekt med tjukt garn og tjukke pinnar.

På vent - i lag med mange andre nøster.
Nytt år - gjer nye muligheter!

1 kommentar: