torsdag 19. september 2013

Fridag.

Eg har ein fridag kvar veke dette året. Det kjennes som ein ganske stor luksus. Eg har jo ein rygg som  har vore litt trøblete dei siste åra, og for 3 år sidan blei eg operert for prolaps. Det har heldigvis vore vellykka, men likevel verker eg innimellom ganske mykje i rygg og føter. Så derfor  har eg fått gå i redusert stilling. Det har vore fantastisk. I fjor og året før hadde eg to morgonar fri, som eg hovedsakelig brukte til trening. Ut på tur - i all slags ver, eller på tredemølla og apperata hos fysioterapeuten. Det har gitt gode resultater. Eg er ganske god for tida. I år prøver eg meg heller  med ein fridag. Så slepp eg å følge med på klokka heile tida, og skunde meg til skulen og skuleungane. Det er utruleg godt. Ut på tur i all slags ver nå og, frå kl. 8 om morgonen. Og så ein heil dag til å gjere koselege ting. Strikka, støvsuge, handla, gå på besøk...... det er mykje ein kan ha lyst å fylle dagen med. Og lage god middag til Gubben når han kjem heim frå jobb!

I dag gjekk turen til Borestranda i full regntøy. Dramatiske skyer, heile regnbuen, regn, det var ein flott tur. Og nesten ikkje vind. Herlig å komme heim etterpå og ta seg ein god og varm dusj.

Dramatisk himmel.
Himmel og hav
 

Dobbel regnbue
Det veks mykje nyper her nede!
Flotte å sjå på.

Innover mot land skein sola!
Fantastisk natur.
Heime i hage veks desse,
i år er det mykje kvite rognebær på treet.

5 kommentarer:

  1. Så flotte bilder du tar. En fryd å se på.
    Klemz

    SvarSlett
  2. Fantastiske bilder , fikk gått ein flott tur der på stranda tidlegare i år , det var bare heilt nydeleg:-)
    Klem

    SvarSlett
  3. Fantastiske bilder , fikk gått ein flott tur der på stranda tidlegare i år , det var bare heilt nydeleg:-)
    Klem

    SvarSlett
  4. Fantastisk flotte bilder av himmel og hav :-)

    SvarSlett
  5. For noen vakre bilder. Jeg elsker landskapet hos dere. Høres deilig ut med en fridag.... D

    SvarSlett