torsdag 19. september 2013

På pinnane i september.

Strikkekorga er full igjen. Nye prosejekt er  påbegynt, og  dominoteppene veks. Kanskje ikkje så lurt å begynne på to slike tepper på ein gong. Då blir eg dratt mellom dei - skal eg ta jordfargar eller friske fargar i dag?  Det er eit flott bilstrikk, eit slikt dominoteppe. Og  når me skulle kjøre Veslejenta til folkehøgskulen var det eit passande strikketøy å ha med på den lange kjøreturen. Men - eg syns egentlig det var litt vemodig når Veslejenta flytta ut, og då hadde eg behov for noko fargerikt for å halde humøret oppe undervegs. Då måtte eg bare sette igang med eit nytt teppe. Det er iallefall fargerikt! Herlige, nydelige fargar til å bli glad av. Og korga var full av flotte restar. Og så kan eg ta fram det andre når humøret allereie er på topp, og eg ikkje blir  påvirka. Det gjer  heller ein ro og fred å strikke i gode milde fargar. Det skal bu på hytta - der passar det med flotte jord- og stein-fargar.

Ellers har eg foretatt eit bytte. Eg var så heldig at eg fekk eit gavekort på garnbutikken til 50-års dagen min. Eg kjøpte turkis alpakka, og sette igang med ein ny flettejakke. Men så var eg ikkje heilt fornøyd. Litt vel skarp farge - så eg tok med meg heile garnposen og fekk bytta det i lys lilla. Nå er eg i gang igjen, og er veldig fornøyd! Dette blir bra. Og ein tur innom Sandnes garn sitt fabrikkutsalg resulterte i 1 kg med lys grå Peer Gynt. Passte akkurat til den strikka kåpa eg hadde bestemt meg for å strikke. Kjekt å finne flott garn på tilbud. Men så var det alle dei fine småposane med nydeleg garn som eg har liggandes på Kammerset, kor tid skal eg begynna på dei, tru? Hadde tenkt at hausten skulle bli ei produktiv tid! Me får sjå etterkvart. Plutselig er eg i gang.
Lys lilla, eller syrin - passte godt til fletter syns eg.
 
Eg har begynt på den eine armen.
Kan bli eit langtidsprosjekt.

To tepper i sammen stol!
Eg var innom garnutsalget i dag og,
og der har dei salg denne helga!
Mange vaksne/gamle damer hadde korgene fulle av garnposar!
Eg fann bare desse.

Snart tid for hausting -
blir nok gode eplekaer av desse epla!

Me fekk denne flotte planten til bursdagane i slutten av mai.
Den blomstrar like fint ennå!
Ein utruleg flott plante!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar