søndag 9. desember 2012

Ikkje-ferdige-ennå-strikketøy.

Eg er ferdig med julekrybba. Akkurat som "pifften" gjekk litt av meg eit lite øyeblikk. Kva er det nå eg skal strikka? Er der noko påbegynt i strikkekorgene tru? Eller på kammerset? Jo, etter  ein ruslerunde mellom korgene mine fann eg jo igjen det som eg hadde sett igang tidligare i haust. På pinnane akkurat nå har eg ein bolero/jakke i Kasmir Alpakka (frå Sandnes garn) - med korte armar. Den blir sikker god og varm i jula oppå finstasen!  Strukturteppe til minstejenta veks - eg er igang med remse nr.3, Dominoteppe "Nuten" - eg er i gang med rad to, og Camomille 3 ( det går visst litt tregt). Dessutan måtte eg bare starte med  det knallblåe garnet. Det var ein sånn nydeleg farge. Og nå nærmar det seg øyeblikk ein god juleferie - dvs då har eg ekstra god tid til strikkekos - mens gubben går på jobb!


Eg må kjøpe tre fine knappar.
Bare det som manglar nå!

Detaljar frå armane.
Oppskrifta fann eg i hefte 1010 frå Sandnes garn
.

2 ferdige remser.
Eg skal ha 3 stk av den til venstre og 2 av den til høgre.
Kjekt å strikka.

Spennandes prosjekt
- strikka frå halsen og nedover.
Artig med litt utfordringar.

"Nuten" - mange fine jordfargar.

Der klarte eg jammen overskrifta på I,
J-en kan vel ikkje vere så vanskeleg nå når
me nærmar oss julehøgtida:-)
Ha ei fortsatt fin førjulstid, alle saman.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar