torsdag 27. desember 2012

Kavalkade - om strikking


Året nærmar seg slutten - det er tid for ein liten oppsummering og eit tilbakeblikk. Det har vore eit fint år på mange vis, ikkje minst strikkefronten. Eg likar framleis kjempegodt å lage ting med hendene, og det er nok strikking som står mitt hjerta aller nærast. Eg har prøvd ulike teknikkar opp gjennom åra, men kjem alltid tilbake til "spødet", det er liksom mi greie. Dei fleste tinga som eg har strikka har allereie blitt vist her på bloggen, så i år lar eg kavalkaden få ein annan vri. Kva har vore mest vellykka,  mest mislykka, finast, søtast, mest utfordrandes osv. Ein fin måte å vurdere alle maskane som har blitt strikka gjennom året.

Årets beste gåve:
Dette var iallefall den største gåva dette året.
Mens desse oppvaskfillene har eg gitt flest av.
Akkurat nå ligg det bare 2 igjen på Kammerset
 Strikketøyet som gav mest glede:
Veldig kjekt å strikka, og stor stas i klasserommet.
 Årets kjedeligaste strikk
Det var kjekt å strikke dette,
men uendeleg kjedeleg å feste alle trådane.

 Årets herreplagg
Dette var visst det eineste Gubben fekk i år.
Betre lykke neste år!
 Årets designer:
Kjekt å strikke etter eldstejentas mønster
 Beste voksenplagg
Denne jakken har vore utruleg mykje i bruk
- nydeleg farge og god og varm!

Årets største utfordring
Denne jumperen var eigentleg litt utfordrandes.
Både måtte eg sjå på mønsteret heile tida,
 for  det var ingen symmetri i det.
Og eg maksa på vrangborda 2 gonger før eg var fornøgd.









Årets tregaste strikketøy
Dette vart innkjøpt i vinterferien - og er ennå ikkje strikka.
Kanskje det kan bli i denne vinterferien?

Årets beste leiketøy

Me hadde mykje moro med desse tre i hyttepåsken.
Dei fkk til og med vere med på tur!
Årets gladaste sokkepar
Gult er kult!
 Årets beste sjal
Desse sjala er i bruk dagleg!
Men bare eit om gongen.
Knallgode.
 Årets mest ufornuftige strikketøy
Men jammen har den vekka mykje oppmerksomhet.

Årets søtaste strikketøy
Til ein ny liten venn.

Årets finaste modell:
Fanagenser til minstejenta

Årets "strikketabbe"
Egentlig blir jakka fin,
men når eg ikkje held meg til oppskrifta, gjekk det litt gale.
Nå må eg rekka opp ein del og få den ferdig!


Årets beste strikkebok

Eg har strikka omtrent kvar ei oppskrift i denne boka!
Det er sjeldant!


Neste års nyttårsfortsett: 
 *Å minka garnlageret
*Å strikka ferdig alle påbegynte prosjekter:
Her er litt for mykje å ta fatt på!  Men plutselig er noko ferdig!
                   
Der var K-innlegget over, neste gong må det handla om L:-).

1 kommentar:

  1. Årets stoltaste strikkar må vere deg;) Sååå mykje du har strikka, og sååå fine ting det har blitt! Artig presentasjon:) Fortsatt god jul;)

    SvarSlett