lørdag 15. september 2012

På pinnane i september!

Våte, regnfulle dagar ute -  god kos med strikketøyet inne. Hausten er ei fin tid! Akkurat nå har eg som vanleg fleire prosjekter i gang, og eg strever for å ikkje begynna på fleire. Nye nøster, gode pinnar, flotte fargar ......eg kjenner det kriblar. Men det er kjekt å bli ferdige med ting og, og har eg for mange påbegynte strikk, tar det så lang tid. Eg blir litt rastlaus då, strikkar nokre masker her og så skiftar over til nytt strikk og tar nokre rundar der og. Og så er det akkurat som om det ikkje blir noko av noko. Nå går eg av og til inn på Kammerset og koser meg og planlegg nye ting eg kan bruke alt det fine garnet som ligg "på vent" til. Planlegginga er halve kosen:-)  Eg gler meg til å ta noko av det fram og setta i gang. Men først må desse tinga bli litt meir ferdige:-)


Garn til frukost
- sakte men sikkert veks jakken som er eldstejenta sitt design.
Den bur i strikkekorga på kjøkkenet.

Fine fletter - og glitter i garnet.

1-års prosjekt:
Minstejenta  seier ho vil flytte på hybel neste år.
Då må ho jo ha med seg eit godt varmt teppe.
Dette skal bestå av 5 lange remser i ulik tekstur.

Denne koser eg meg med i aleine-stunder.
Må følge nye med på mønsteret, er ikkje lett å vere så sosial då.

Ein påbegynt Jondals-sokk.
Kjøpt i Hardanger i sommar.
Eg likar veldig godt å handle garn som souvenir når me er på tur.
 
I sommar hadde me ein fantastisk flott fjelltur
til Tørvikanuten i Hardanger.
Eg vart veldig fasinert av det "grå" fjellet som slettes ikkje var  bare grått.

Eit utruleg fargespel.
I går kveld bare måtte eg begynne på eit nytt teppe
- inspirert avfjellturen.
Det skal heite "Nuten"

2 kommentarer:

  1. Tittet innom her for første gang i dag. Det var en nydelig bord på den øverste jakka. Er den egenkomponert eller har du oppskrift?

    Ønsker deg en fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei. Koselig at du tttet innom. Den øverste jakken er det eldstejenta min som har designa. Ho har ein eigen blogg: matildeskår.no. Ho har laga oppskrift som ho selg via ravelry. Ta ein titt innom, ho har og mykje fint:-)

      Slett